Heltane frå CM – Orri Freyr Oskarsson


Orri Freyr Oskarsson var ein islandsk midtbane/angripar som var så god at det var kjedelig å ha han på laget på CM 03/04. Men er det nokon som har høyrt om han utanom CM? Neppe.

Men det er fleire grunnar til det. Det åpenbare er sjølvagt at han aldri vart så god som folket bak CM trudde han skulle verte. Eller om han verkeleg var eit talent, eller om det var ein islandsk researcher som hausa han opp, skal me ikkje spekulere i. For det andre finst det ingen spelar som heiter Orri Freyr Oskarsson lenger. Han har nemleg skifta namn, og heiter no Orri Freyr Hjaltalin.

Oskarsson er fødd 1.juli 1980 på Island. Etter å ha starta karrieren sin i Þór Akureyri, gjekk han til Grindavik før 2004-sesongen. Der er han framleis og er kaptein på laget og spelar i drakt nummer 11. Og den komande sesongen vert laget trent av tidlegare Brann-stoppar Olafur Örn Bjarnason.

Det er vanskeleg å finne særleg informasjon om han på engelsk, det meste er frå Island, og kan vere vanskeleg å skjøne. Men frå nettsidene til eit islandsk sjukehus kan ein lese at Orri fekk ei dotter i 2008…

Uansett ser det ikkje ut som om han kom seg ut i verda, sånn som det låg til rette for på spelet. Det verkar heller ikkje som om han fått nokon landskampar for Island. Men i det minste er han framleis aktiv, og spelar på høgaste nivå i heimlandet. Det er vel meir enn kva som kan seiast om dei fleste heltane me har plukka fram frå CM.

Tidlegare heltar:
Maxim Tsigalko
Andri Sigþórsson
Tonton Zola Moukoko
Nii Lamptey
Eddie Howe
Kalam Mooniaruck
Freddy Adu
Justin Georcelin
Jamie Forrester
Lionel Morgan
Cherno Samba

2 comments

  1. Det har du heilt rett i. Dette har gått oss hus forbi 🙂

    Men problem med lungene kan jo vere ein medverkande faktor for at talentet aldri heilt kom til sin rett.

    Likar

Kommenter innlegget