Heltane frå CM – Jamie Forrester


Jamie Forrester var ein spelar me vart kjend med veldig tidleg i CM-barndommen. Sjølv om han aldri fekk meir enn 9 a-kampar for Leeds, så var han på spelet ein av Englands aller største talent.
På bildet over ser du Jamie Forrester på fremste rekke, til høgre på bildet, mellom Gordon Strachan og Rod Wallace.
Forrester flytta i ung alder frå Bradford i England og til Auxerre i Frankrike, for å slå gjennom der. Kanskje var det denne eskapaden som gjorde at dei som laga CM trudde han kom til å verte ein av verdas beste spelarar. Saman med Kevin Sharp, ein annan framtidig Leeds-unggut, pakka han kofferten for å lære sin fotball under legenda Guy Roux i Auxerre. Men heimlengselen til Yorkshire vart for stor, og begge reiste heim og signerte for Leeds.
I 1993 vann Leeds FA-cupen for juniorlag, der dei slo Manchester United 2-0 og 2-1 i finalane. Forrester scora det fyrste målet i begge kampane. I den siste kampen på Elland Road scora han til og med på eit brassespark, som fekk journalistane til å drage parallellar til Denis Law.
Dette måtte vere det store gjennombrotet for Forrester. For medan Leeds stilte med relativt ukjende spelarar, som Andy Couzens, Mark Ford, Kevin Sharp, og kanskje den mest kjende; Noel Whelan, så hadde Manchester United spelarar som Nicky Butt, Keith Gillespie, John O’Kane, Gary Neville, David Beckham, Robbie Savage og Paul Scholes på bana. Likevel greidde dei kvitkledde å vinne begge finalane.
Men Forrester greide i følge han sjølv ikkje å prestere jamnt på eit høgt nivå, og vart utlånt til Southend og Grimsby, og etterkvart vart det permanent overgong til sistnemnde. Her vart han kåra til årets unge spelar i sin fyrste sesong, men frå 95-97 fekk han berre 6 mål på 41 kampar for the Mariners, noko som var for lite for ein spiss. Dermed vart det å bytte klubb igjen, denne gongen til Schunthorpe. Og her kom dei fyrste glimta av det ein ein gong hadde forventa frå Forrester.
Han fekk spele fast, og måla burja rulle inn. 37 mål på 101 seriekampar er kansje ikkje all verda, men det vart i alle fall tosifra antal per sesong. Og plutseleg var større klubbar interesserte igjen.
Mark Wotte, som seinare var innom Southampton som trenar i ei kort periode, var den gongen trenar for nederlandske Utrecht, og når sjansen til å hente Jamie Forrester som Bosmanspelar baud seg, så takka han ikkje nei. Men der overgongen til Scunthorpe var det smartaste Forrester hadde gjort i si karriere, var nok det å forlate klubben det minst smarte. I Utrecht fekk han ikkje ting til å fungere, og fekk berre ein kamp for fyrstelaget, og vart sendt heim på lån.
Fyrst til Walsall, der han var mållaus på fem kampar, og deretter til Northampton der han putta seks på ni kampar. Sånt vert det permanent overgong av, og Forrester tok opp tråden frå tida i Scunthorpe. 39 mål på 112 kampar, og blandt anna opprykk i 99/00-sesongen. Likevel forlot han the Cobblers etter 2002/03-sesongen, og gjekk til Hull, som då var på nivå 4 i England. Han meinte at sjølv om dei låg på dette nivået, så hadde dei fasilitetane og føresetningane for å verte ein mykje større klubb enn Northampton. Men sjølv om han var i troppen til kvar einaste kamp heile sesongen, som til slutt enda med opprykk, så vart det berre 32 kampar på bana, og sju mål. Blant anna mot gamleklubben Northampton, der Hull vann 5-1, og Forrester likevel fekk ståande applaus frå Northamptonfansen.
Etter sesongen gjekk han til Bristol Rovers, Lincoln City og til slutt Notts County, før han ga seg med ligafotball i 2009, 34 år gammal. I vår gjorde han comeback for Lincoln Moorlands Railway, men står ikkje i stallen deira i haust.
I dag driv Jamie Forrester sitt eige fotballakademi i Lincolnshire, der han trenarlokale smårollingar. I tillegg driv han eit firma som heiter Community Business Solutions, saman med kona Lisa Forrester.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s