Heltane frå CM – Justin Georcelin


Justin Georcelin var kanskje den aller største spissen på CM 01/02. Northamptonangriparen hadde 20 i akselerasjon, 20 i tempo og 20 i avslutning, berre 17 år gammal. Han var ein garantist for minst 30, gjerne 40, mål pr sesong på CM.
Og sjølv om han vart lovande i det verkelege liv også, så skulle det aldri verte fotballspelar av Justin Georcelin.
Dessverre for det unge talentet, kom han inn i eit miljø på utsida av fotballbana, som ikkje akkurat hjalp på karrieren. I følge britiske notiskar, la han seg tidleg til ein ganske kostbar stoff-vane, og då med karrieren allereie i grus, måtte han ty til lovbrot for å halde denne vanen ved like.
I juni 2005 vart ein drosjesjåfør angrepen og rana av tre menn i sin eigen taxi. Dette var berre eit, i rekka av mange valdelege angrep på drosjesjåførar i Northampton-området. Når politiet fekk nøsta opp saka, var det nok ein overraskelse for mange å sjå eit såpass kjent ansikt i rettsalen.

«A CRACK addict with a £500-a-day habit who robbed two taxi drivers at knifepoint in Northampton was jailed for nine years yesterday.» – Northampton Echo, 2006

 

Justin Georcelin, den gong 23 år gammal, anka på staden, men på grunn av den grove måten angrepa var utførte på, ville ikkje dommaren høyre, og gav det tidlegare stortalentet ein dom på ni år, der minimum fire og eit halvt år skulle sonast i fengsel, men med ein overhengande fare for livsvarig.
Det vil seie at Georcelin ikkje er ute av fengsel før tidligast ein gong i 2011, men mest truleg aldri.
Historia om mannen som på mangt eit gutterom i 2002 sende England til VM-gull, og sitt lag til fleirfaldige Champions League meisterskap, vart i verkelegheita ei tragisk historie. I løpet av få år gjekk Justin Georcelin frå å vere eit av dei største talenta nedover i ligasystemet i England, til å verte ein fastsitjande, valdsdømt junkie i ei celle i Northampton resten av livet.
Advertisements

One comment

  1. Sick! Jeg var i militæret i 2003, og med en på rommet spilte vi en felles cm-game over 5 sesonger. Jeg var Cobblers, han var Crewe.
    Det ble til slutt Bronse i PL for meg, og Justin var med hele veien – lojal og brilliant.

    Too bad osv..

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s