Heltane frå CM – Maxim Tsigalko


Dette er ein av dei heltane som veldig få la merke til fyrste gong dei lasta inn eit spel på CM 01/02. Han er kviterussisk, og var derfor ikkje like lett å få auge på når ein spelte, men etter kvart byrja ryktet å gå, og Tsigalko vart ein av dei aller beste spelarane på CM nokon gong.

I det virkelige liv er Maksim Tsyhalka, som han heiter på kviterussisk, klubblaus, etter å ha vorte frigitt i 2009.

Han starta karrieren sin i Dinamo Minsk, og scora 24 mål på 53 seriekampar der over 5 sesongar, noko som må seiast å vere bra uttelling i dei kampane han fekk. Han hadde deretter ein litt mindre bra sesong i Naftan Novopolotsk, før han reiste utanlands. Fyrst til Kazakhstan og Kaisar Kyzylorda, og deretter til Armenia og Benants Yerevan.

Den siste klubben har er registrert i er Savit Mahilyou, i heimlandet, der han fekk to mål på åtte kampar, før klubben gjekk konkurs og mista plassen sin i ligasystemet.

Stats frå spelet. 1000 mål på 1114 kampar.

Av dei heltane me har presentert her inne til no, så er det nok ikkje mykje tvil om at Maxim Tsigalko var den som vart aller best av dei. Til venstre kan du sjå eit utdrag frå ein av karrierane til Tsigalko.

Storheita vart i realiteten litt meir begrensa enn på CM, men Tsigalko kan i alle fall sjå tilbake på eit seriemeisterskap med Dinamo Minsk. i 2004, og ei cupgull året før.

I 2003 fekk han to landskampar for Kviterussland, og scora eit mål.

Det fins hundrevis med sider om CM-spelaren Tsigalko, men ikkje så mykje informasjon om virkelegheitas spelar. Det finnes eigne hyllestgrupper på Facebook, og ein eller anna portugisar har til og med satt opp ein falsk twitterprofil for Maxim Tsigalko.

* Nokre hugser kanskje også tvillingbroren Yuri Tsigalko frå CM. Han var keeper, og ikkje like god på spelet, men i det virkelege liv er han framleis aktiv, no i Shakthar Salihorsk, i den kviterussiske toppdivisjonen.

Tidlegare heltar:
Andri Sigþórsson
Tonton Zola Moukoko
Nii Lamptey
Eddie Howe
Kalam Mooniaruck
Freddy Adu
Justin Georcelin
Jamie Forrester
Lionel Morgan
Cherno Samba

PS: Her er ein hyllingsvideo frå spelet:



 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s