Heltane frå CM – Freddy Adu


Skjermbilde 2016-07-09 kl. 23.43.23Den ghanesisk-amerikanske ungguten tok verda med storm tidlig på 2000-talet. Allereie ved millenniumsskiftet viste han seg fram i ei u-14 turnering i Italia, der det amerikanske u-14 landslaget spelte mot ungdomslaga til blandt anna Juventus og Inter. USA vann heile turneringa, og 11 år gamle Freddy Adu vart kåra til turneringa sin beste spelar. Inter ville signere han umiddelbart, men mora takka nei, og meinte fokus måtte vere på utdanning.

14 år gammal vart Adu den yngste idrettsmannen i USA på over 100 år som signerte proffkontrakt i ein stor liga, då DC United henta han som fyrsteval i MLS draften i 2004. Dette var faktisk tredje gong DC United hadde sett rekor med tidenes yngste spelar i MLS. Fyrst var det Bobby Convey i 2000, og dereter Santino Quaranta i 2001. Men begge disse var to år eldre enn Adu.

Mot San Jose Earthquakes vart Adu den yngste spelaren i MLS si historie, og mot New York/New Jersey MetroStars (No RedBulls) vart han den yngste målscoraren nokon gong.

Før 2006-sesongen reiste han til Manchester United for å spele der på lån, men fekk ikkje arbeidstillatelse, og returnerte til USA etter to vekers trening med spelarane på Unitedakademiet. Han var på All-Star laget i MLS både i 2004 og 2006.

I 2006 vart han bytta til Real Salt Lake, og var kaptein for USA i u-20-VM i Canada i 2007. Etter mesterskapet henta Benfica han til Portugal for 2 millionar dollar. Portugisarane matcha han lett, etter debuten i Champions League kvalifiseringa mot FC København, men suksessen lot vente på seg. Sjølv om han på dette tidspunktet var fast i USA sin tropp, så vart det berre 11 kampar og 2 mål i Benfica.

Deretter gjekk turen innom Monaco, Belenenses, og greske Aris, men ingen av stadane vart det særlig suksess.

I går spela Freddy Adu reservelagsfotball for den danske klubben Randers, i håp om å få kontrakt der. Framleis er han berre 21 år gammal, og karrieren har teke ei anna vending.

Adu sin veg nedover har nesten vore like bratt som vegen opp. Rykta har vore mange, og mange meiner at årsaka til Adu sin suksess i tidleg alder, er at han er mykje eldre enn dei offisielle tala viser. Uansett vert det spennande å sjå om litt tillitt i ein mindre klubb kan hjelpe han opp igjen på eit høgare nivå.

OPPDATERING: Freddy Adu har denne sesongen spelt 11 kampar og scora 4 mål for den tyrkiske andredivisjonsklubben Caykur Rizespor, på utlån frå Benfica. Han er også kalla inn til landslaget av den nye sjefen Jürgen Klinsmann, til kveldens kamp mot Mexico (10.august, 2011)

Tidlegare heltar:
Justin Georcelin
Jamie Forrester
Lionel Morgan
Cherno Samba

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s