Heltane frå CM – Nii Lamptey


«Verdas største talent» og «den nye Pelé» var berre nokre av superlativa som hagla om ghanesiske Nii Odartey Lamptey, allereie frå før han debuterte for Anderlecht i 90/91 sesongen.

 

Den gong vart reglane i belgisk fotball endra for at han skulle få debutere som 16-åring, og han vart med det den yngste spelaren i den belgiske toppserien nokon gong. 7 seriemål på 14 kampar, vart det den fyrste sesongen.

 
I den seinare tid har det kome fram ei litt meir dyster forhistorie om Lamptey, om ein oppvekst med ein alkoholisert far, som fekk han til å røme heimanfrå, og deretter ein like alkoholisert stefar, som kasta han ut av heimen. Lamptey rømde til ein muslimsk fotballeir, der han konverterte, og brukte all si tid på fotball. 
 
Landslaget
 
I 1989 var han med i sitt fyrste U17-VM, då berre 15 år gammal. To år seinare vart han kjend over heile verda, då han leia Ghana til gull i same meisterskap. I konkurranse med spelarar som Juan Sebastian Veron, Marcelo Gallardo, Samuel Kuffour og Alessandro Del Piero, vart Lamptey kåra til den beste spelaren i turneringa.
 
Seinare vann han U20-mesterskapet i Afrika, og kom til finalen i ungdoms-VM, der dei tapte for Brasil. For seniorlandslaget debuterte han som 16-åring, og har blant anna bronse frå OL i Barcelona i 92, samt fleire deltakingar i Afrikameisterskapen.
 
Klubbkarrieren
 
Etter 3 sesongar i Anderlecht vart han kjøpt til PSV Eindhoven i Nederland, der han fekk 22 kampar og 10 seriemål i 93/94-sesongen. Deretter vart han kjøpt til Aston Villa, og her startar nedturen. Mange lurte på kvifor han gjekk frå storklubben PSV til den litt meir grå klubben i Birmingham. Seinare har det vist seg at ein agent hadde Lamptey nærast på slavekontrakt, og som sjølv tok 25% av overgongssummen, og derfor ville selge han så ofte som muleg. Den same agenten tok også mesteparten av lønna til Lamptey gjennom store delar av karrieren. 
 
Det vart 10 seriekampar, og berre tre mål, i ligacupen mot Wigan (fordelt over to kampar) i Aston Villa. Ron Atkinson, som henta Lamptey til England, fekk sparken og tok over Coventry, og henta då Lamptey med seg dit. Men heller ikkje der vart det særleg suksess. Ingen mål på seks seriekampar, og han forsvann kjapt vidare til Venezia og Santa Fe i Argentina. Der mista Lamptey og kona sonen Diego, oppkalla etter Maradona, som hadde ein sjeldan sjukdom. Familien ville ta med sonen tilbake til Ghana og gravlegge han der, men argentinske myndigheiter ville ikkje godta dette. Det heile enda med at Lamptey gav seg i Santa Fe, og ga opp fotballen for ei stund. 
 
Seinare reiste han til Tyrkia og Ankaragücü, Uniao Leiria i Portugal, Greuther Fürth i Tyskland, Shandong Luneng i Kina og Al-Nassr i Saudi Arabia, før han som den fyrste ghanesiske utanlandsproffen returnerte til heimlandet og Asante Kotoko. 
 
Under oppholdet i Tyskland vart Lamptey utsett for rasisme, både frå fans, men også frå lagkameratar, som nekta å bu på rom med han på bortekampane. I tillegg ramma tradegia igjen i Tyskland, og Lamptey og kona mista sitt andre barn, rett etter fødsel. Dotter Lisa fekk dei heller ikkje ta med tilbake til Ghana for gravlegging. 
 
Lamptey har også bygd ein skule i Ghana, oppkalla etter han sjølv, med over 400 elevar. Etter oppholdet i Asante Kotoko, var han så vidt innom den sørafrikanske klubben Jomo Cosmos, før han gav seg som aktiv. Han vart seinare assistentrenar i den ghanesiske toppserieklubben Sekondi Wise Fighters, under manager Charles Akonnor, og heldt fram i rolla etter at Akonnor vart sportsdirektør, og tyske Hans-Dieter Schmidt tok over. 

Det er mange som har vorte kalla «den nye Pelé,» men Nii Lamptey var kanskje den ein var mest sikker på skulle slå an. Men etter alle skuffelsane, er det no eit nytt uttrykk som vert brukt, blant anna har me sett det vorte skrive om Freddy Adu; «den nye Nii Lamptey.» Det er heilt klart ikkje eit like flatterande begrep, men det viser det som ein stadig oftare ser: unge spelarar er veldig gode i ung alder, men slit med å prestere når dei kjem på eit høgt internasjonalt nivå. Lamptey, Adu, Samba har allereie vorte nemnt, og det er mange som står klare til å ta over stafettpinnen, som den nye Nii Lamptey.

 
I dag er Nii Lamptey kvegbonde, med eigen gard utanfor Accra. Han er framleis berre 36 år gammal.
 
* Me kan anbefale den tyske dokumentaren Der Afrikanische Pelé, som vart sendt på WDR 14.april 2006.
 
 

2 comments

  1. Fin blogg. Meget fin blogg. Einaste trekk må vere at ein har nytta be-ordet 'begraving', når ein i staden for kunne nytta ordet 'gravlegging'.

    Likar

Kommenter innlegget