Heltane frå CM – Kalam Mooniaruck


I mars 1999 kom nyheita om at Manchester United skulle ha signert ein 15-åring frå Bishops Strortford, nord for London. Det vart mykje oppstyr den gongen, fordi reglane var klare på at spelarar på den alderen berre kunne trene med profesjonelle lag som var innen ei reiseavstand på 90 minutt frå heimstaden. Dette skulle vere for å sørge for at unge gutar fekk nok tid til skulearbeid og lekser, samt tid med vener og familie.

Regelen skal også sørge for at lokalt talent vert oppfostra i sin lokale klubb, og på den måten også gi framtidige inntekter til moderklubben, slik at ikkje alle overgangssummar går rett til storklubbane.

Kalam Mooniaruck trente den gongen med Norwich, dit han kom som 13-åring, sjølv om både Ipswich og alle Londonklubbane låg nærare i reiseavstand. Men Manchester United var så lystne på å hente ungguten, så for å unngå reglane, så flaug dei Mooniaruck og foreldra hans frå Stanstead og til Manchester, ein tur som tok 45 minutt i fly, men som ville tatt mykje meir enn 90 minutt i bil.

I desember same år slo the Football League fast at 90minuttsregelen berre skulle gjelde reise på landjorda. Men sjølv om det var snakk om at Mooniaruck no vart snappa opp av eit Londonlag, så greidde United å ordne det slik at han heldt fram i Manchester. Han spelte seg raskt inn på u17-laget deira, og vart sett på som eit av dei største talenta i klubben nokon gong.

Og på CM 00/01-02/03 var han stor. Ein målgarantist som vart kåra til sitt lags beste spelar allereie frå han var 15-16.

Mooniaruck prøvespeler
for Cambridge United

 

Men etter kvart stagnerte Mooniaruck litt, og han greidde aldri å ta steget opp på fyrstelaget på Old Trafford. Og i 2003 vart spelaren som dei raude djevlane hadde investert så mykje tid og pengar i, frigitt.

Han prøvespelte for Roterham og QPR, men utan å få kontrakt. Så jobba han seg nedover i divisjonsystemet, via Grimsby, Swindon, Sheffield Wednesday og Leyton Orient, før han signerte med ikkjeligalaget Braintree i august 2003.

I januar året etter prøvespelte han for Cambridge United, deretter sitt lokale lag Bishops Stortford Swifts, Cambridge City, Thurrock og Saffron Walden Town, langt, langt nede i det engelske ligasystemet. Berre få sesongar tidlegare var han ein av dei mest omtala talenta i heile verda.

I 2007 la han opp som spelar, og byrja som trenar ved eit av David Beckham sine akademi, og i dag jobbar han som trenar på ein fotballskule for 5-11åringar i Kent, i regi av FA. Den siste klubben han var registrert i var amatørklubben Tiptree Town.

Kalam Mooniaruck var kanskje den aller fyrste barnestjerna i England, men han er også primeksempelet på at det å satse på altfor unge spelarar ikkje alltid løner seg.

Tidlegare heltar:
Freddy Adu
Justin Georcelin
Jamie Forrester
Lionel Morgan
Cherno Samba

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s