Heltane frå CM – Lionel Morgan


Kva i all verda skjedde med Lionel Morgan?

Wimbledon, som no har vorte til Milton Keynes Dons, hadde før namneskiftet ei rekke store talent i stallen sin. Eit av dei aller største, var vingen Lionel Morgan. På CM 00/01 og 01/02 var han garanter å verte ei legende, og på min Newcastle-save var han den aller største stjerna, som scora i bøttevis sjølv, i tillegg til å forsyne spissduoen Rooney/Tevez med ferdigscora pasningar.

Og sjølv om Lionel Morgan ikkje er eit namn ein høyrer ofte i 2010, var talentet reelt.
 
Eventyret starta ein novemberkveld i for snart ni år sidan, då England u19 møtte Georgia. Tidleg i kampen traff Morgan treverket, men fekk lagt opp til to mål for England seinare i kampen. Det offensive spelet på vingen var noko England ikkje hadde sett på mange år, og sjølv om han måtte ut med krampe ein halvtime før kampslutt, omtalar kamprapportane frå den kvelden Morgan som ein ny John Barnes. Lionel Morgan vart kåra til banens beste, dei engelske avisene hylla sitt nye funn, og storklubbane stod i kø.
 
Men historia om Lionel Morgan starta omlag eit år tidlegare. Allereie i august 2000 debuterte han for Wimbledon, og fekk 3 kampar, men i oppkøyringa til 2001/02-sesongen måtte han operere brusken i kneet etter ei skade i ein treningskamp. Dermed gjekk han glipp av to månedar av sesongen, men kom sterkt tilbake, og gjekk rett på u19-landslaget, og resten er nemnt.
 

Han var den heitaste poteta i England, og Tottenham la £750 000 på bordet for han i fyrste og beste overgangsvindu, sjølv om han berre hadde spelt ei fåtal kampar for Wimbledon. Men tilbudet frå Spurs vart avslått, sjølv om Wimbledon på denne tida tapte rundt 200 000 kroner om dagen. Eigarane meinte dei kunne få meir når han hadde utvikla seg vidare. Og Morgan held fram med å imponere. Mot Tyskland scora han sitt fyrste u19-mål. I mars kom hans fyrste mål for Wimbledon i ein 1-0-siger mot Rotherham, då han curla eit frispark i vinkelen på Beckhamvis. Men suksessen varte ikkje, og berre dagar seinare var uhellet ute igjen. I kampen mot Crewe Alexandra rauk korsbandet til Morgan, og i staden for overgong og landslagsspel var det to operasjonar og 7 månedar på sidelinja.


I 2002/03-sesongen var han tilbake på bana, og scora i sin første kamp frå start, og vart kalt opp til u20-landslaget. Men i januar 2003 måtte han opererast igjen, og i sin tredje kamp etter den operasjonen vart han takla stygt av Tim Sherwood i ein kamp mot Portsmouth, og måtte ut i ny operasjon allereie i april.

I juni hadde den elendige økonomien til Wimbledon gjort at klubben goddtok eit redusert bud frå Tottenham, denne gongen berre på £400 000. Men Morgan feila på den medisinske testen, men overgongen skulle etter rapportane gå gjennom så snart han var frisk.


I september var han tilbake på bana nok ein gong, men også denne gongen vart det berre tre kampar før ei skade på treningsfeltet gjorde at han igjen måtte på operasjonsbordet.
Dette skjedde mot slutten av 2003/04-sesongen, og kontrakta til Morgan med Wimbledon gjekk ut. Med tanke på den dårlege økonomien til klubben, og skadehistoria til Morgan, så valde klubben å ikkje tilby han ny kontrakt. Morgan fekk bruke treningsfeltet til Wimbledon for å kome i form igjen etter skada, så han kunne vise seg fram for ein ny klubb, men dette skjedde dessverre aldri. Lionel Morgan spelte sin siste kamp 4.oktober 2003, og tapte 1-0 for Preston på Deepdale.

Kanskje er det passande at Wimbledon sitt største talent fekk sin siste kamp i klubbens siste sesong?

Lionel Morgan var innom Wingate and Finchley FC som manager i eit kort periode, og i 2008 jobba han med å trene vanskelegstilte ungdommar rundt Broadwater Farm i Nord London

* Lionel Morgan dukkar også opp på ein del CM-forum på lister over spelarar som har same initialar som posisjon på bana (Left Midfielder)

Tidlegare heltar:
Cherno Samba

Kommenter innlegget