Heltane frå CM – Eddie Howe


Av og til er det slik at heltane frå CM ikkje nødvendigvis forsvinn heilt. Mange av dei som var store på spelet vart jo også store i virkelegheita, sjølv om dei me har presentert her ikkje har greidd seg like bra.

Men så er det dei som ikkje kjem inn under nokon av dei to kategoriane, eller kanskje midt mellom. Eddie Howe er ein sånn. Den solide midtstopparen frå Bournemouth var ein klippe i eit kvart lag, på fleire versjonar av spelet rundt millenniumsskiftet. Årets spelar, sesong etter sesong, og i tillegg ein mann som kunne score ein del mål.

I 2002 vart han endeleg også henta til Portsmouth, den gong på nivå 2, i det verkelege liv. Han vart den fyrste signeringa til Harry Redknapp, men lukka vart kortvarig. Ei skade gjorde at Howe berre fekk to ligakampar for Pompey, før han vart utlånt tilbake til Bournemouth. Der hadde han så høg stjerne at fansen samla inn over 130 000 kroner for å kjøpe han permanent tilbake til Dean Court.

Fram mot 2007 fekk han 53 kampar til for sitt lag, og enda med ein total på 271 ligakampar (+ 2 i Portsmouth) for Bournemouth før han vart tvungen til å legge opp.

Her kunne historia om Howe enda, men små detaljar endra på dette. Howe var som nemnt ei klubblegende i Bournemouth, og, kanskje fordi klubben såg at han var så plaga med skader, så vart han i desember 2006, utnemnd til spelande trenar av manager Kevin Bond. Dette var ein gest til ein mann som hadde spelt (nesten) heile sin karriere i klubben, og som dessverre såg ut til å måtte gi seg altfor tidleg. Dette var eit halvt år før han la opp, og han heldt fram i rolla som reservelagstrenar til september 2008, då Bond fekk sparken.

Under den nye manageren, Jimmy Quinn, fekk Howe ei rolle som juniortrenar. Og då Quinn fekk sparken i slutten av desember, etter berre 121 dagar, så fekk han rolla om midlertidig manager. Og sjølv om han i den rolla berre spelte to kampar, som begge endte med tap borte, så vart han likevel fast ansett som manager 19.januar 2009. Han lukkast med å holde laget unna nedrykk, sjølv om dei hadde starta sesongen med 17 minuspoeng. I neste sesong så starta Bournemouth med åtte sigrar på dei ni fyrste kampane, noko som er ein klubbrekord.

I november 2009 ville Peterborough ha Howe som erstattar for Darren Ferguson, men Howe takka nei. Han heldt heller fram den gode trenden på Dean Court, og sjølv om laget var under økonomisk administrasjon og ikkje fekk lov til å kjøpe nye spelarar, så greide Howe å føre laget til opprykk til League One, etter to sesongar i den lavaste divisjonen.

Etter å ha takka nei til fleire tilbud, vart Eddie Howe på fredag utnemnt til ny manager i Championshiplaget Burnley, etter at Brian Laws trakk seg i romjula.

I Bournemouth hadde han ein statistikk å sjå opp til: 102 kampar som manager, 51 sigrar, 50% uttelling. Men det var ein klubb Howe kjende ut og inn. Så gjenstår det å sjå om han kan greie det like bra med sin nye klubb, der han sannsynlegvis også får litt pengar å rutte med.

* Howe sat på tribuna og såg Burnley spele 0-0 heime mot leiarlaget QPR i helga. Han debuterer borte mot Scunthorpe på laurdag.

Tidlegare heltar:
Kalam Mooniaruck
Freddy Adu
Justin Georcelin
Jamie Forrester
Lionel Morgan
Cherno Samba

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s