Heltane frå CM – Andri Sigþórsson


Andri Sigþórsson var ikkje berre eit stort talent på CM3, men også i virkelegheita. Men dessverre kom nok potensialet meir til sin rett i spelet enn på europeiske fotballbaner. På CM bøtta han inn mål i sesong etter sesong, og var så og seie alltid toppscorar både på laget sitt og i divisjonen sin. Virkelegheita var likevel litt annaleis.

Sigþórsson kom til Bayern München som 16-åring i 1993, og spelte 13 seriekampar for amatørlaget til Bayern mellom 1994 og 1996. Deretter returnerte han til moderklubben KR i Reykjavik, og scora 35 mål på 48 seriekampar der mellom 96 og 2000, berre avbrote av ein sesong på lån i den tyske nivå 2-klubben FSV Zwickau. I Tyskland fekk han berre 5 seriekampar, før han returnert til Island.

I sesongen 2000/01 var han i Salzburg i Austerrike, der han scora tre mål på 24 seriekampar, før han kom til Norge og Molde i 2002. Her var han mykje plaga med skader, men fekk likevel med seg 17 seriekampar og sju mål, før han vart tvungen til å legge opp i 2004, 27 år gammal.

Han fekk også sju landskampar og to mål for Island.


Ein interessant kuriositet ved Andri Sigþórsson, er at han kjem frå ein bakarfamilie i Reykjavik, og at han etter at han la opp sjølv slo seg opp som bakar, og starta bakerikjeda Braud og Bollur på nordvestlandet. Sjølv om dei tidlegare har hatt fleire filialar, har dei i dag tre utsalg. Eit i Molde, som var det fyrste som vart starta, og to i Kristiansund.

*PS: Broren Kolbeinn (20) er i stallen til AZ Alkmaar i Nederlands Eresdivise, og scora som andre utlending 4 mål i ein og same kamp, mot VVV Venlo denne sesongen.

Tidlegare heltar:
Tonton Zola Moukoko
Nii Lamptey
Eddie Howe
Kalam Mooniaruck
Freddy Adu
Justin Georcelin
Jamie Forrester
Lionel Morgan
Cherno Samba

Kommenter innlegget