Heltane frå CM – Tonton Zola Moukoko


Svensk/kongolesiske Moukoko frå Derby County var kanskje det aller største talentet på CM 01/02, men vart aldri den stjerna som både Sverige og Derby hadde håpa på.

Moukoko kom frå det dåverande Zaire, til Sverige saman med broren, og spelte i tidleg alder for Djurgården. Då han som 15-åring fekk svensk statsborgarskap, vart han umiddelbart kalla opp til det svenske U16-landslaget.

Våren etter trena han både med Empoli og Bologna i Italia, men det var til slutt Derby County som sikra seg signaturen hans. Han spelte for ungdomslaget til the Rams, og var med i FA Youth Cup. Då han skreiv under proffkontrakt som 17-åring, skal han i følge rykta takka nei til blant andre AC Milan.

Men i 2002 reiste han tilbake til Sverige, delvis på grunn av familiære årsaker, men også fordi han var ueinig med Derby om studieordninga. Moukoko ville gjerne få ei utdanning ved sidan av, medan klubben ville han skulle satse 100%.

Etter nokre prøvespel i Hammarby og Falkirk, ordna Sven Göran Eriksson og Tord Grip kontrakt for han i den dåverandre andredivisjonsklubben Carlstad United i Sverige.

Seinare gjekk han til IK Sleipner i Norrköping, før han for til Syrianska før 2009-sesongen. I løpet av sesongen gjekk han til finske Atlantis, som då låg på nivå 2 i Finland. Men Moukoko greidde ikkje å berge klubben, som rykka ned, og spelte 2010-sesongen på nivå 3.

I følge nettsidene til den finske klubben er Moukoko der framleis, men det er litt usikkert når dei sist var oppdaterte.

I følge eit intervju på nettsidene til fanklubben til Derby i Danmark, seier Moukoko at folk framleis ringer og spør om kvifor han var så god på CM, og kvar han no har vorte av. Og sjølv har han ikkje noko godt svar på det.

Her er ein video av Moukoko, frå tida i Carlstad United

 

4 comments

  1. Bare fint at du skriver nynorsk. Alle burde lett forstå nynorsk uansett, det er bøying av verb og substantiv som er vanskelig og latterlig i nynorsk. Men tilbake til saken, hvilket nivå er videoklippet på? Nivået på spillet er jo høyere enn i Tippeligaen, og på denne tida der hadde jo Tonton briljert i Tippeligaen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s