Heltane frå CM – Cherno Samba


Kva i all verda skjedde med Cherno Samba?

For alle som har spelt Championship Manager, er det ei skreva sannheit at Cherno Samba er eit større talent enn Lionel Messi, Robinho og Carlos Tevez til sammen.

Som 13-åring scora Cherno Samba 132 mål på 32 kampar for sitt lag, og vart plukka ut til å representere England på guttenivå. Faren fekk agenttilbud på sekssifra beløp, men sjølv om større lag som Liverpool og Manchester United var på jakt etter han, så var det Millwall som sikra seg signaturen hans i 2002. I desember 1999 var ei av dei første sakene om Cherno Samba på trykk i engelske aviser, med overskrifta:

«Fergie in £2m chase for ace kid Samba, 14!»

I følge rykta takka Millwall nei til eit bud på 2 millionar pund frå Liverpool. Og i eit intervju i the Guardian i 2005 fortalde Samba at han prøvespela for Liverpool, og at Michael Owen ringte han etterpå og sa at han såg fram til å spele saman med han. Grunnen til at det aldri vart nokon overgong er det ueinigheit om. Nokre meiner det var grådige agentar, andre meiner Millwall ikkje ville avtale nokon pris, og at Liverpool ikkje ville ta sjansen på at eit tribunal skulle overprise han. Uansett vart Samba på the Den.
Sjølvtilliten og gleda over å spele fotball fekk ein knekk etter at overgongen gjekk i vasken, og Samba, som spelte på u-17 laget allereie som fjortenåring, var framleis på same lag som 17-åring. Og fyrstelagsdebuten lot vente på seg. Etter kvart viste det seg at den fordelen Samba hadde hatt med fysikken som yngre, forsvann når medspelarane vart vaksne, og vart like sterke. I kanskje den viktigste perioda i si utvikling, gjekk Samba rundt på treningsfeltet uten å ha den nødvendige gnisten. Plutseleg var ikkje Samba anna enn ein middels spelar i Millwall. I intervjuet med the Guardian innrømma han også at hypen hadde gått til hovudet på han, og at han som fjortenåring tenkte:
«Eg har greidd det, eg er den beste spelaren i verda…»  Cherno Samba, 14

I 2004 forlot han Millwall og prøvde lukka i Cadiz i Spania, der han i 2004/05-sesongen scora 7 mål på 19 kampar, og laget rykka opp frå Segunda til Primera Division. Men Samba fekk aldri prøve seg mot Real Madrid og Barcelona, for i sesongen etter vart han utlånt til Malaga sitt B-lag, og scora 11 mål på 18 kampar der, men kunne ikkje forhindre at dei rykka ned frå Segunda. Men dette var nok til at Ian Holloway henta Samba tilbake til England og Plymouth på free transfer i august 2006. 30. september same år fekk han sin debut i det engelske ligasystemet, med 16 minutt borte mot Coventry. 8 minutt etter at han kom på bana, vart han matchvinnar ein kamp som enda 1-0.

Dessverre vart dette einaste målet på 13 kampar, over to sesongar, i tillegg til 3 mållause kampar på utlån i Wrexham. Deretter signerte han for finske FC Haka, der det var 7 kampar og ingen mål. I 2009 prøvespelte han for fleire engelske lag, mellom dei Norwich og Portsmouth, men utan hell.
Frå februar i år har han hatt trøye nummer 7 i greske Panetolikos på andre nivå i Hellas, den tidligare klubben til Jarl André Storbæk.
Har ikkje funne noko informasjon om han faktisk har spelt kampar for klubben, og han står ikkje i spelarstallen på dei offisielle nettsidene til klubben, ut frå den gresken eg kan forstå.
Landslaget
Samba har representert England på alle nivå frå u-14 til u-20, men som senior valgte han å spele for fødelandet Gambia, der han debuterte i september 2008, og fylde i faren Al-Hajie sine fotspor. Al-Hajie Samba var landslagskeeper for Gambia før han flytta til England med familia på 90-talet.

Cherno Samba scora sitt fyrste og foreløpig einaste mål mot Tunisia i januar i år (sjå video under), og fekk sin siste kamp så langt mot Mexico i juni.

 

I Gambia finst det eit akademi som heiter «Cherno Samba Academy of Football», etter den store helten, som dessverre enno ikkje har prestert på eit høgt nivå.
Det er ikkje fyrste gongen at ein lovande karriere har stranda på grunn av manglande støtteapparat, og den fysiske stagnasjonen i Samba si sak, minner veldig om det som skjedde med Freddy Adu. Amerikanaren var ei kjempe fram til han var 15-16, men når dei andre tok han igjen på fysikken, vart han berre stallfyll.

3 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s