Overgongane i Adeccoligaen





Det er framleis meir enn ein månad igjen til det norske overgongsvindauget stenger, men her er ei lita oppsummering underveis.

Fyrst Adeccoligaen:

*Då det erfaringsmessig kjem ein foss av meiningar rundt denne typen oppsummeringar, så merk at dette foreløpig er ei oppsummering av overgongane berre, og ikkje korleis stallane ser ut pr dags dato.

Vinnarane

1. SANDNES ULF

Har mista Ulland Andersen som var på lån, samt St.Juste, Borgvardt, S-Latef og tre blad Maldal (Vegard, Tom Erik og Espen), men har fått inn gode og solid namn i staden.

Aksel Berget Skjølsvik, Kamal Saaliti og Edier Frejd kunne like gjerne spelt i Tippeligaen, og det skal verte spanande å sjå om veslebror Mame Mbar Diouf slår til i den lyseblå trøya. I tillegg har nokre lokale spelarar kome inn. Så langt er Sandnes Ulf definitivt det laget som har kome best ut av overgongsmarknaden før komande sesong.

2. ASKER

Ser ut til å få beholde den lovande Lars Cramer på lån ein sesong til, og Jan Banan Tømmernes er tilbake frå Stabæk. Christian Arnesen er den einaste som har forsvunne.

Midt på treet

3. BRYNE

Mykje utskiftingar på Jæren før denne sesongen. Kai Risholt (Kongsvinger), Martin Norbye (Alta) og Marius Helle (Stabæk) er dei beste forsterkingane, medan Ezekiel Bala, Geir André Herrem, Roger Eskeland med andre har forsvunne ut. 

4. STRØMMEN

Jensen og Dosso som var på lån frå Vålerenga og Lillestrøm har returnert, men Abdurahim «Ibba» Laajab, vår nye futsalstjerne, har kome til.

5. HØDD

Har rett nok mista toppscoraren Joachim Magnussen til Hønefoss, og Oddbjørn Lie til Ham-Kam, medan Helge Edinsen har lagt opp. Men med forsterkingar som Dag Roar Ørsal og tidlegare Rosenborgspelar Michael Karlsen, samt Victor Grodås, son av sin far og Steffen Moltu er ikkje laget svekka frå sist sesong. I tillegg jobbast det med å få Magnus Mar Ludviksson tilbake frå Island og tidlegare Lyn-spelar Stanley Ihugba er på prøve.

6. MJØNDALEN

Gode namn inn i Bjarne K. Ingebretsen, Aziz Idris, Marius Boldt og Morten Sundli + eit par til. Midtgarden, Hilleren, Smerud, Mads Hansen og ikkje minst «Ibba» er vekk.

Vanskeleg å seie om dei er styrka eller svekka. 

7. RANHEIM

Lokale heltar inn; Eivind Bratseth, Bendik Bye, Kristian Sørli og Michael Stilson, i tillegg til Helland og Oviasu på lån frå storebror Rosenborg. Tom Erik Nordberg, Kenneth Dokken og Ole Kristian Kråkmo har teke eit steg opp (eller kanskje til sida) medan Winsnes, Holthe, Thygesen, Juberg, Grønning og Ramstad enten har lagt opp eller trappa ned. 

Den lokale linja fungerte bra i fjor, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at det same skjer i år.

8. HAM-KAM

Det har vore roleg på Hamar i vinter. Einaste mann inn er tidlegare Høddspelar Oddbjørn Lie, medan Marius Gullerud har lagt opp og duoen Bakken og Kleven har funne nye klubbar. Ingen skilnad på pluss eller minus her. Det kjem nok fleire endringa i løpet av den neste månaden.

9. BODØ/GLIMT

Har mista talenta Stefan Johansen og kanskje den viktigaste spelaren i fjor, Anders Konradsen, til Godset. I tillegg er Thiago Martins, Alo Bärengrub, Johan Lædre Bjørdal og keeper Pavel Londak vekke.

Karl Morten Eek, Aram Khalili og Jim Johansen kjem inn, og det spørs om Glimt klarer å tette hola etter spesielt Konradsen og Londak.

10. SANDEFJORD

Som vanleg ved nedrykk, er det også i Sandefjord mykje utskiftingar. Kristian Brix, Kenneth Dokken og Iven Austbø er dei mest kjende inn, men også det forlenga lånet til Diomande kan verte viktig. 

Marciano, Zanetti, Rune Hansen, Heier og Malick Mane (som kanskje er den mest eksotiske avgongen i norsk fotball i år, han skal til kazakhstanske Aktobe) har forsvunne ut. Ser ut til å vere ganske god balanse i regnskapet. 

11. RANDABERG

Vanskeleg å seie. Var på jakt etter ein keeper i Danmark nyleg, men ser no ut til å ha funne sin mann i det tidlegare Sandefjordtalentet Mathias Raade Olsen. Lunde Aarsheim, Chris Danielsen og Magnar Nordtun blant dei som har forsvunne ut. Torger Motland, som returnerer frå eit opphald i Islandsk fotball er den mest kjende nykomaren. Det går mot ein røff sesong for dei svarte og kvite.

Taparane

12. KONGSVINGER

Mykje utskiftingar på Gjemselund. Torp til Brann, Sellin tilbake til RBK og vidare til AaFK, da Cruz, Risholt, Sturød, Håkonsen, Frejd, Niang og keepertrioen Dalen, Myhre og Månsson er ute. Nokre spennande nykomarar på plass i Arnar Førsund, Samir Fazlagic og Christian Aas, samt Pierau og Rønningen, men likevel har nok meir kvalitet forsvunne ut enn det som har kome inn.

13. ALTA

Har mista sentrale spelarar i Magnus Andersen (Tromsø); Martin Norbye (Bryne), Diomande Alassane (Frankrike) og Aziz Idris (Mjøndalen). I tillegg er Gary Hogan, Jay Harris og Thomas Andersen ute.

Tynt med erstattarar, den sterkaste er nok Vegard Braaten som kjem på lån frå belgiske Lokeren. I tillegg Eirik Erlandsen frå Tromsdalen og Børge Josefsen frå Hammerfest.

14. LØV-HAM

Fredrik Haugen og Bjarte Haugsdal går til Brann, sistnemnde var på lån, og muligens også Erlend Storesund. Talentet Aleksander Solli har gått til Vålerenga og toppscorar Sindre Marøy har lagt opp.

Erstattarane Mathias Møvik, Anders Næs (lån), Øystein Aksnes, Jean Alassane Mendy og Endre Hansen virkar eit nummer for små til å erstatte dei som har forsvunne.

15. HØNEFOSS

Inn med Joachim Magnussen frå Hødd, og ut med Konate, Saaliti, Bangura, Angan og Benny Olsen. I tillegg er vel Alexander Dmitriev ute. Ei rekke sentrale namn ut, og en mann inn, med andre ord. Det er ikkje gitt at nedrykkslaget skal kjempe i toppen av Adeccoligaen denne sesongen. 

16. NYBERGSUND

Berre Adis Maglic frå svenske Carlstad United har kome inn, medan eit kobbel har forsvunne ut. Fazlagic, Olouch, Saglic, Ingebretsen, Sørum, Bråtebæk, Shaban og ikkje minst Kim Ojo er ute. Dei fleste av disse hadde meir enn 10 kampar sist sesong, og vil verte sakna. 

Nye namn dukkar nok opp før sesongstart. 




3 comments

  1. Jauda, ikkje umulig det, men denne lista handlar som nemnt om kven som har styrka laget mest gjennom overgongane så langt, og ikkje kven som har best stall

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s