Premier League-dobbeltgjengarar


Etter kvart har lista over spelarar med Premier League-kampar vorte ganske lang. Og ser ein nøyare på den, så er det fleire namn som dukkar opp fleire gonger. Nokon er kanskje meir kjende enn andre, men disse 18 namna har altså dukka opp på to forskjellige spelarar:

Chris Armstrong
Spissen Chris Armstrong (Fødd 1971) spelte både for Crystal Palace og Tottenham, medan namnebror Chris Armstong (Fødd 1982) fekk 27 Premier Leaguekampar i forsvaret til Sheffield United i sesongen 2006/07.

Wayne Brown
Wayne Brown (Fødd 1977) er kanskje ikkje den mest minneverdige midtstopparen i Premier League-historia, men han har kampar i toppdivisjonen både for Ipswich og Hull. Wayne Brown (Fødd 1988) har 2 kampar for Fulham, men har tilbragt dei to siste sesongane i finsk fotball.

Simon Davies
Stortalentet Simon Davies (Fødd 1974) spelte 11 seriekampar for Manchester United, men stagnerte og rasa nedover i seriesystemet. Var innom ei rekke klubbar i Wales, som han også fekk ein landskamp for i 1996. Er i dag i støtteapparatet til Manchester City. Namnebror Simon Davies (Fødd 1979) er også walisar, og fekk 58 landskampar (6 mål). Han spelte ein haug med Premier League-kampar for Tottenham, Everton og til slutt Fulham.

Andy Gray
Andy Gray (Fødd 1964) spelte for Tottenham fram til 1994, medan namnebror Andy Gray (Fødd 1977) har spelt for både Leeds, Nottingham Forest og Sunderland i Premier League.

Lee Hodges
Ikkje namnet som er forbunde med mest suksess i Premier League kanskje. Men likevel er det to stykker som har fått prøve seg: Lee Hodges (Fødd 1973), har 4 kampar for Tottenham som høgdepunktet i sin karriere. Lee Hodges (Fødd 1973) fekk 3 kampar på midtbana til West Ham United.

Mark Hudson
Mark Hudson (Fødd 1980) fekk 5 kampar for Middlesbrough mellom 2000 og 2002. Spelar no for Shildon på nivå 9 i England. Litt meir suksess har kanskje namnebror Mark Hudson (Fødd 1982) hatt, med kampar for både Crystal Palace og Cardiff i Premier League. 14 kampar for Huddersfield hittil denne sesongen.

David Hughes
David Hughes (Fødd 1972) var 9 sesongar i Southampton, men var ekstremt skadeplaga, og endte opp med eit snitt på ca 6 kampar pr sesong. Den walisiske forsvararen David Hughes (Fødd 1978), fekk 7 kampar for Aston Villa i 96/97-sesongen.

Mark Hughes
Dei fleste kjenner nok til tidlegare Manchester United, Barcelona, Bayern München, Chelsea, Southampton, Everton og Blackburn-spiss Mark Hughes (Fødd 1963), mens Morecombeforsvarar Mark Hughes (Fødd 1986), som fekk ein kamp for Everton i Premier League for ganske nøyaktig 8 år sidan, er heller ukjend.

Michael Johnson
Den jamaicanske landslagsbacken Michael Johnson (Fødd 1973) spelte i øverste divisjon for Notts County, året FØR det var Premier League, men fekk seinare PL-kampar for både Birmingham og Derby County. Manchester City-talentet Michael Johnson (Fødd 1988) fekk 37 kampar (2 mål) i Premier League, før han la opp så altfor tidlig i 2012, berre 24 år gammal.

David Lee
David Lee (Fødd 1967) spelte på midtbana til Bolton på 90-talet, medan David Lee (Fødd 1969) spelte i eit årrekke i forsvaret til Chelsea.

Lee Martin
Lee Martin (Fødd 1968) var ein gammal venstrebackhelt på Old Trafford. Spelte ikkje så mykje, men fekk 73 seriekampar på 6 sesongar. Vingen Lee Martin (Fødd 1987) fekk ein kamp for samme klubb, mot Hull i 2008/09-sesongen.

Paul Robinson
Paul Robinson (Fødd 1978) fekk 11 kampar for Newcastle mellom 1998 og 2000, før han rasa nedover i ligasystemet. Sist registrerte klubb er South Shields på nivå 10. Det er nok litt fleire som dreg kjensel på Paul Robinson (Fødd 1979), som spelte 95 PL-kampar for Leeds, 137 for Tottenham, og 140 for Blackburn.

Alan Smith
Spissen Alan Smith (Fødd 1962) spelte for Arsenal fram til 1995, medan namnebror Alan Smith (Fødd 1980) har spelt i Premier League for både Leeds, Manchester United og Newcastle. Han er framleis aktiv, i Notts County.

David Smith
David Smith (Fødd 1968) var ein offensiv midtbanemann i Coventry på 80- og 90-talet, medan David Smith (Fødd 1970) fekk nokre kampar på midtbana til Norwich.

Martin Taylor
Den tidlegare gruvearbeidaren Martin Taylor (Fødd 1966) fekk nokre PL-kampar i buret til Derby County på 90-talet, medan stopparen Martin Taylor (Fødd 1979) fekk ei rekke kampar for i Premier League for både Blackburn og Birmingham.

Scott Taylor
Vingen Scott Taylor (Fødd 1970) spelte i Premier League for Leicester, sjølv om han kanskje er mest kjend som Readingspelar. Spissen Scott Taylor (Fødd 1976) fekk med seg to sesongar i Premier League med Bolton, men berre ein seriekamp.

Darren Ward
Den walisiske keeperen Darren Ward (Fødd 1974), fekk ein kamp for Norwich i Premier League, og seinare nokre få for Sunderland. Stopparen Darren Ward (Fødd 1978) fekk 9 PL-kampar for Watford i 1999/2000-sesongen.

Danny Wilson
Den nord-irske landslagsmannen Danny Wilson (Fødd 1960) spelte for Sheffield Wednesday på 90-talet, og er no manager. Skotten Danny Wilson (Fødd 1991), som no spelar for Hearts i heimlandet, fekk to kampar i forsvaret til Liverpool i 2010/11-sesongen.

Quiz: Det fins to namn, som er delt av tre spelarar. Kva namn? Løysinga kjem om nokre dagar.

Kommenter innlegget