Nordmenn som har vunne Champions League


I eit tidlegare innlegg spurte me om nokon visste kor mange nordmenn som har vunne Champions League. Det har kome inn litt forskjellige svar, og dei fleste har vore rette.

Det er i utgangspunktet fem nordmenn som har vunne denne turnerninga. Fyrst ute var Steinar Pedersen med Borussia Dortmund, og seinare har også Ole Gunnar Solskjær, Ronny Johnsen, Henning Berg og John Arne Riise vunne den gjeve tittelen.

Men om me reknar med dei som faktisk har spelt, eller vore i troppen i finalen, så har me berre tre. Pedersen og Berg var ikkje med i troppen på finaledagen.

Sverige har 6 spelarar som har vunne (altså vore i finaletroppen), og Danmark har 8.

Dei følgande landa har også tre spelarar som har vore i troppen til det vinnande laget i finalen i den gjevaste av europacupane:

Wales – Joey Jones (Liverpool 1977, 1978), Ian Rush (Liverpool 1984), Ryan Giggs (Man Utd 1999, 2008)
Ghana – Abedi Pele (Marseille 1993), Sammy Kuffour (Bayern München 2001), Sulley Muntari (Inter 2010)
Tsjekkia – Milan Baros (Liverpool 2005), Vladimir Smicer (Liverpool 2005), Marek Jankulovski (AC Milan 2007)
Makedonia – Ilija Najdoski (Røde Stjerne 1991), Darko Pancev (Røde Stjerne 1991), Goran Pandev (Inter 2010)

Kommenter innlegget