Tromsø og Stabæk er dei to laga som har vore flinkast til å bruke spelarar fødd på 2000-talet denne sesongen.
Yngstemann er Branns Mikal Berg Kvinge, fødd 24.juni 2003. Bryan Solhaug Fiabema, Tromsø, fødd 16.februar 2003, og Odin Thiago Holm, VIF, fødd 18.januar 2003 følger deretter.
Håkon Evjen er tenåringen med flest kampar (29), med Hugo Vetlesen på andre med 24, og Johan Hove og Jørgen Strand Larsen på delt tredje med 23.
Men kva lag er det som har produsert flest av spelarane som spelar i årets Eliteserie?
Dette er ei oversikt over kvar dei 359 spelarane som har fått speleminutt i årets serie var då dei var 16 år.
Informasjonen er henta frå altomfotball.no, wikipedia (norsk/engelsk), og fotball.no.
Der ein spelar har spelt i to klubbar som 16-åring, har den klubben han var fyrst i, gått foran her.
1 | Stabæk | 16 |
2 | Odd | 12 |
2 | Rosenborg | 12 |
2 | Viking | 12 |
5 | Brann | 11 | 6 | Tromsø | 10 |
6 | Vålerenga | 10 |
8 | Haugesund | 9 |
9 | Bodø/Glimt | 7 |
10 | Strømsgodset | 6 |
11 | Sarpsborg | 4 |
12 | Mjøndalen | 3 |
12 | Molde | 3 |
14 | Ranheim | 2 |
15 | Kristiansund | 1 |
15 | Lillestrøm | 1 |
Dersom me inkluderer lag som ikkje er i Eliteserien i år, så ville tabellen sett slik ut:
1 | Stabæk | 16 |
2 | Odd | 12 |
2 | Rosenborg | 12 |
2 | Viking | 12 |
5 | Brann | 11 | 6 | Tromsø | 10 |
6 | Vålerenga | 10 |
8 | Haugesund | 9 |
9 | Bodø/Glimt | 7 |
10 | Lyn | 6 |
10 | Skeid | 6 |
10 | Strømsgodset | 6 |
13 | Brøndby | 4 |
13 | HamKam | 4 |
13 | Oppsal | 4 |
13 | Sarpsborg | 4 |
13 | Strindheim | 4 |