Den obligatoriske gå-til stats-sida WhoScored.com tilbyr no statistikk på Tippeligaen.
Akkurat no er dei 10 beste spelarane i Tippeligaen denne sesongen følgande:
1. Jonas Svensson, Rosenborg
2. William Troost-Ekong, Haugesund
3. Bjørn Sverrisson, Viking
4. Babacar Sarr, Sogndal (no Molde)
5. Alexander Stølås, Haugesund
6. Per Egil Flo, Molde
7. Fredrik Midtsjø, Rosenborg
8. Gilbert Koomson, Sogndal
9. Anders Konradsen, Rosenborg
10. Espen Ruud, Odd
Anna nerdefakta du finn her, er feks at den som har gitt mest målgivande til same målscorar, er Trond Olsen som har assistert Fitim Azemi på 4 mål, og Lars-Christopher Vilsvik som har assistert Marcus Pedersen på like mange.
Klikk deg inn på WhoScored.com og finn meir.
Eit lite eksperiment. Skulle ein hjulpe Per Mathias og plukka ut ein landslagsellevar frå Tippeligaen ved hjelp av denne sida, ville den sjå slik ut:
Keeper: Andreas Lie
Forsvar: Jonas Svensson, Per Egil Flo, Espen Ruud, Gustav Valsvik
Midtbane: Alexander Stølås, Fredrik Midtsjø, Anders Konradsen, Pål André Helland, Sander Berge, Petter Strand
Skulle me presse innpå ein spiss også, ville det verte Fitim Azemi, på 52.plass.