Nye Norwichdrakter


Skjermbilde 2016-07-23 kl. 23.32.36Norwich jagar opprykk til Premier League igjen, i det som kanskje er den sterkaste Championshipsgruppa på lenge.

No har dei lansert draktene som dei håper skal stå igjen som opprykksdraktene for komande sesong. Laga av Errea, framleis med forsikringselskapet Aviva som hovudsponsor. (Community Fund er eit Aviva-prosjekt av noko slag)

Heimedrakta er rein og enkel og ganske fin. Her er me tilbake igjen til den heilgule, etter at fjorårsdrakta var todelt i grønt og gult. Sponsorlogoen er vel også grei, sjølv om det er litt blått i den. Norwich har absolutt hatt verre drakter, men det skal me kome grundigare tilbake til seinare.

Skjermbilde 2016-07-23 kl. 23.32.48Bortedrakta er vel heller ikkje så veldig sjokkerande. Svart, med enkel kvit sponsorlogo, og grøn og gul stripe på venstre side. Litt retropreg over det også. Ei heilt grei og fin drakt det også. Ein farge for mykje kanskje, kunne vore finare med gul Aviva-logo, kanskje?

Men, som nemnt, me skal tilbake til at Kanarifuglane har hatt verre drakter. Jauda.

For tredjedrakta er eit gledelig gjensyn med det som kanskje var klubben si styggaste drakt nokon gong, heimedrakta frå 92/93-sesongen. Kjent som «fugledritdrakta», er den eit fast innslag på all bpnverdens «styggaste drakt»-kåringar, og ei legendarisk drakt på alle måtar.

Men for all del, same kor stygg denne drakta er, så er dette ei drakt alle Norwichsupporterar har særs gode minner om. For dette er drakta Jeremy Goss og gjengen brukte då dei senka Bayern München i 1993.

Men det skulle handle om tredjedrakta. At den er inspirert av 92/93-drakta er det ingen tvil om, og det kan til og med sjå ut til at den har kopiert fugledriten i detalj. Den er kanskje hakket mindre sjokkerande no, når ein veit den er basert på ei kulttrøye, men ikkje desto mindre øgli. Den ser ut som ei «morsom» skjorte onkelen din kunne kjøpt i syden på 80-talet. norw3

Så får ein håpe at resultata gjer at supporterane kan få like gode assosiasjonar til denne trøya som til den frå 24 år sidan.

Norwich har også laga spesialtredjedrakter til keeperane, som matchar den kvite.

Skjermbilde 2016-07-23 kl. 23.54.45Dei skal ha same mønsteret, men er svarte, med oransje flekkar. Ikkje særleg fin den heller, og denne kunne dei vel rett og slett spart seg for.

Som eit PS kan ein jo nemne at det også i fjor vart rabalder kring tredjedrakta, som den gong kom i horisontale striper (hoops). Norwich-City-15-16-Third-Kit (2)Det har ikkje vore like mykje kritikk retta mot den nye tredjedrakta, men her kan ein jo dømme sjølv.

English version

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s