Ny Tottenhamdrakt 2016/17


Skjermbilde 2016-07-13 kl. 18.29.31Her er den nye Spursdrakta for komande sesong.

Produsent er amerikanske Under Armour, som tek stadig større del av marknaden i europeisk fotball, etter å ha laga drakter for amerikansk idrett i ei årrekke.

Det er litt Star-Trek over skulderpartiet her, men fargane går fint saman, spesielt no som ein har vorte van med den raude reklamelogoen.

Skjermbilde 2016-07-13 kl. 18.29.04Men det er ikkje fyrst og fremst heimedrakta som imponerer. Bortedrakta i mørkeblått med gull er svært stilrein, og her har ein klart seg med berre to fargar. I tillegg har den ein brei, gammaldags krage, og litt kapteinsaktige striper på ermane

Alt tyder på at dette er dei same blå- og gull-fargane som er på fyrstedrakta.

Det er noko enkelt over den, og den naive AIA-logoen kjem verkeleg til sin rett her. Tankane går til ei gammal skidrakt i svart/kvitt, frå ein gong på 50-talet.

MEN, ikkje nok med at reservedrakta er særdeles fin; Tottenham har sjølvsagt også ei tredjedrakt, og heller ikkje her er det spart på retro-kruttet.

Skjermbilde 2016-07-13 kl. 18.30.02Denne er i motsette fargar frå andredrakta, men i tillegg til det er den i pinstriper, og ein tenker umiddelbart Preben Elkjær i Veronadrakt.

Det er mulig det er andre Premier League-lag som kjem med finare fyrstedrakter enn Tottenham, men om nokon kan matche andre- og tredjedrakta, er heller tvilsamt.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s