OBOS-ligaen 2016


Fotballstova tippar OBOS-ligaen 2016. Kan ikkje huske å ha sett nokon klare å forutsjå ein heil liga på førehand nokon gong, men det stoppar oss ikkje frå å halde fram med å prøve. 

1. Mjøndalen

Det er vanskeleg å kome utanom dei ny-nedrykka laga, og laget med dei kulaste draktene i årets OBOS-liga må vere favorittar i årets sesong. Sanel Kapidzic (FFK), Rhett Bernstein (Miami) og Stian Aasmundsen (Jönköpings Södra) er borte av dei som var mest involvert i fjor. Mathias Fredriksen og Jonathan Lindseth har kome frå Odd, den tekniske tidlegare AaFK-spelaren Lars Fuhre har kome frå Hammarby, og den nigerianske spissen Kingsley Olie har kome frå Crystal FC i heimlandet.

Topp 2 bør absolutt vere innanfor rekkevidde for dei brune.

2. Kristiansund

Eit av dei beste laga i OBOS-ligaen dei siste sesongane, og forsterka med det tidenes yngste Vålerengaspelar Kamer Qaka (12 kampar for Sarpsborg i TL i fjor), Amidou Diop på lån frå Molde og returen til Jean Alassane Mendy (Sandefjord). Mendy scora 16 mål for KBK i 2014.

Kanskje det laget med best kontinuitet i årets divisjon, og heilt sikkert eit lag å rekne med heilt i toppen når me nærmar oss november.

3. Sandnes Ulf

Ulf hadde ein overraskande svak sesong sist, men er eit av laga som ser ut til å vere godt styrka framfor den nye sesongen. Vidar Nisja og Steinthor Thorsteinsson (siste på lån) frå Viking, Bojan Zajic frå Sarpsborg, Jørgen Olsen Øveraas frå Ranheim og Eirik Schulze frå Strømmen skal alle vere svært gode på dette nivået. I tillegg kjem Mads Nielsen frå Nest-Sotra og keeperen Saku-Pekka Sahlgren frå HJK i Finland.

Viktige spelarar frå i fjor som er ute, er Derek Decamps (Frigitt), Ole Kristian Langås som har returnert til Ull/Kisa, Ingvar Jonsson som var på lån frå Start, Vegard Aanestad (Frigitt) og Tonny Brochmann (Jerv). Paul Torres og Solomon Owello er også borte.

Laget var godt i fjor, og sjølv om dei ikkje nådde playoff, som var forventa, så var dette på grunn av målforskjell. Bør vere bedre i år, og med i opprykkskampen.

4. Fredrikstad

Ny trenar i Jan Halvor Halvorsen, og klubben står også for flest utskiftingar i divisjonen (11 inn og 13 ut pr 2/4),

Halvorsen har med Kristian Brix (19 TL-kampar i fjor) og Erik Tønne (9 kampar) frå Bodø/Glimt, i tillegg til sterke namn som Per Morten Kristiansen (mista plassen som fyrstekeeper etter 10 sesongar i Haugesund i fjor), Magne Simonsen (145 kampar for Molde), Martin Thømt Jensen (17 TL-kampar for Sarpsborg i fjor), Patrik Karoliussen (Follo), tidlegare Løv-Ham, Hønefoss og Varbergspelar, Mats André KalandSanel Kapidzic frå Mjøndalen, i tillegg til Monir Benmoussa frå Bærum. Så har også Halvorsen henta Moustapha N´Diaye, som var på lån i Glimt i 2014, frå Slovan Liberec.

Har også mista ein del viktige spelarar: Forsvarane Johan Hammar og Loic Abenzoar hadde 23 og 20 kampar i fjor. Simen Rafn hadde 30, Amin Nazari 26 og Julius Adaramola 23. Men kanskje viktigast; Henrik Kjelsrud Johansen som var på lån frå Odd, og scora 11 mål på 19 kampar.

Store utskiftingar er sjeldan bra, men uansett er det så mykje sterke namn her, og namn trenaren kjenner frå før, så FFK kjem til å vere heilt oppe i toppen denne sesongen.

5. Sandefjord

Fjorårets absolutt svakast Tippeligalag har fått inn Peter Kovacs (Sarpsborg), Håvard Storbæk (Odd), Enric Valles (tidlegare Roda og Birmingham), Abdoulaye Seck (Hønefoss) og keeper Ingvar Jonsson (Start) før denne sesongen. Dei viktigaste som har forlete klubben er Cheikou Dieng (St.Pölten), Jean Alassane Mendy (Kristiansund), Thomas Juel-Nielsen (Falkenberg), Mads Pedersen (Frigitt) og Jakob Busk (Union Berlin). Trur direkte opprykk kjem til å ryke for kvalfangarane i år, men kvalik bør vere innanfor rekkevidde.

6. Hødd

Hadde ein heilt uforståelig sesong i fjor, som endte med at hovudtrenar Sindre Eid trakk seg. Hødd hadde kanskje dei beste resultata i divisjonen mot dei sterkaste laga, og stod for overrasking etter overrasking, men makta av ein eller annan grunn ikkje å ta poeng i dei kampane der ein forventa 3 poeng.

Ny trenar i Hans-Erik Eriksen frå Follo, som har teke med seg elevane Didrik Sereba og Øystein Vestvatn frå gamleklubben. I tillegg har Fredrik Sjølstad (HamKam), Hugues Wembangomo (Bærum, tidlegare Sarpsborg og Aalesund) og Eirik Bergum Skaasheim (lån Sogndal) kome inn. Men det er ikkje kven som helst disse skal erstatte. Klubbens beste spelar dei siste åra, Fredrik Aursnes har gått til Molde, og allereie slått til der, og Ole Amund Sveen, som også var særs god i fjor, har gått til Sogndal. Fyrstekeeper Aslak Falch har også forlatt klubben og seinare gått til Vålerenga, men her har Hødd satsa på dei to unge, lokale keepertalenta sine, Ole Monrad Alme og Jan Lennart Urke.

Spennande med ny trenar, og to namn som trenaren kjenner godt inn. Framleis eit ungt lag, men spørsmålet er om midtbana vert like dominerande i år som den har vore dei siste sesongane.

7. Levanger

Har overraskande fått inn Jo Sondre Aas frå trøndernabo Ranheim. Det tidlegare supertalentet seier til Trønderavisa at han dreg til LFK for å finne tilbake til toppnivået, etter to sesongar med litt magrare prestasjonar. I tillegg er Vegard Voll heimvendt frå same klubb, og Marcus Astvald, (mistar serieåpninga) med nesten 100 kampar for Örebro i Allsvenskan, skal herje på kanten. Ny trenar i Magnus Powell.

Spissen Vegard Braaten har reist tilbake til Alta, Simen Raaen Sandmæl har gått til Ranheim, og mannen med fotballnorges flottaste namn, færøyværingen Kaj Leo í Bartalsstovu, har reist til Dinamo Bucuresti i Romania.

Trur LFK potensielt kan gjere det veldig bra i år.

8. Ranheim

Har mista Jørgen Olsen Øveraas til Sandnes Ulf og Jo Sondre Aas til Levanger, men fått Simen Raaen Sandmæl i retur. Ranheim har vore å rekne med på dette i nivået så lenge ein kan huske, men laget ser ikkje styrka ut etter fjorårets sjetteplass. Det spørs om ikkje dei blå vil hamne litt lenger nede på tabellen i ein særs tett og jamn divisjon i år.

9. Jerv

Fjorårets bombe i OBOS-ligaen har mista fjorårets kanskje viktigaste brikkar i Ohi Omoijuanfo til Stabæk og trenar Steinar Pedersen til Start. I tillegg tok Pedersen med seg Henrik Robstad til Kristiansand. Har fått inn Tonny Brochmann (23 kampar for Sandnes Ulf i fjor) og Ulrik Berglann frå Bodø/Glimt. Arne Sandstø er ny trenar. Å gjenta fjorårets bedrift vert nok umulig, men har beholdt mesteparten av stamma i laget, og dei to nye kan fort fylle skoa til Robstad og Ohi. Likevel tippar me at dei blågule hamnar litt lenger nede på tabellen.

10. Kongsvinger

Hedmarkslaget er attende på nivå 2. Nye namn for sesongen er den russiske forsvararen Kirill Suslov, som kjem frå nivå 2 i Russland, KamAz. I tillegg har klubben henta forsvarar Markus Skjellum frå Skeid, spissen Mathias Gjerstrøm frå Godset (lån) og den greske spissen Ioannis Sotiroglou på lån frå ENTHOI Lakatamia på nivå 3 på Kypros. Han har tidlegare spelt på nivå 3 i Sverige.
Har mista Francois Yabre, Magnus Solum (9 mål) og Patrick Hansen frå i fjor, men beholdt storscorarane Mats Moldskred og Maykel.

Hadde ein sterk siger mot Kristiansund rett før sesongstart.

11. Strømmen

Best av dei svake i OBOS i fjor, og endte som nr 8. 10 poeng opp til sjuandeplassen, men berre 4 ned til nedrykk. Låner Olav Øby (Sarpsborg), Markus Nakkim (VIF) og Markus Brændsrød (Lillestrøm) denne sesongen, i tillegg til å hente ein mann som Stian Rasch frå Mjøndalen, og Tarjei Omenaas, som fekk 14 kampar i buret til Hønefoss i fjor. Den erfarne svensken Viktor Adebahr er henta frå Ull/Kisa og backen/kanten Nasir Dernjani kjem frå Skeid.

Strømmen vil nok merke tapet av Eirik Schulze til Sandnes Ulf og Martin Ramsland, som har teke steget opp i Tippeligaen med Sogndal.

Til tross for ein god sesong i fjor, vil det nok verte tungt i år.

12. KFUM Oslo

Deira viktigaste brikke, superspissen Torstein Andersen Aase, la opp etter sist sesong, og sjølv med namn som Jørgen Hammer (Start), Lars Hirschfeld (Vålerenga) og Robin Rasch (Follo) inn, så skal det halde hardt for dei nyopprykka. Men på ei anna side vert Kåffa omtala som ein kompisgjeng, så då er det ikkje sikkert forsterkingar utanfrå er det ein skal vurdere nivået på, sjølv om forskjellen på OBOS og andredivisjon er ganske stor. KFUM har potensiale til å verte ein fargeklatt alle gjerne vil ha i OBOS, men på papiret ser det ut som opphaldet kan verte kort.

13. Ull/Kisa

Nok eit nyopprykka lag som nok vil få det tøft. Har absolutt henta inn forsterkningar, i Ole Kristian Langås (Sandnes Ulf), samt Thomas Braaten og Christian Aas, som hadde 30 og 29 kampar for Hønefoss på dette nivået i fjor. I tillegg kjem polske Marcin Burkhardt frå bulgarske Cherno More og Michal Pawlik frå Jagiellonia i Polen. Burkhardt er seriemester og cupmester med Legia i Polen og vart cupmester i Bulgaria i fjor. Mellom 2003 og 2005 spelte han også 10 landskampar for Polen. Pawlik er eit meir ubeskrive blad, 20 år, og med berre 5 kampar på øvste nivå i Polen.

Mista Ahmed Suleiman til Ljungskile i Sverige og Sebastian Starkenberg til Levanger.

14. Bryne

Har mista fyrstekeeper Anders Kristiansen, samt Jon-Helge Tveita til Sarpsborg. Sabri Khattab har gått til Kvik Halden. Dei to sistnemnte spelte samtlige kampar for Bryne i fjor, som berga plassen i siste serierunde.

Fitim Kaztrati (Hønefoss), Patrick Byskata (Kokkolan, Finland), Torstein Mjønner (Follo) og Ante Knezovic (Førde ) har kome inn, men det luktar ikkje forsterkning av overgongsvinteren til Jærbuane. Trur det blir en tøff sesong, men nedre halvdel kjem til å verte svært tett i år.

15. Raufoss

Nyopprykka, men kanskje det av dei nyopprykka laga det er minst tiltru til, skal ein tru førhandstipsa.
Har fått inn Sør-Afrikanske Hasheem Domingo frå reservelaget til Vitoria Guimaraes i Portugal og Håvard Nome frå Alta. Men det er nok tidlegare Sheffield Wednesdayproff Rocky Lekaj som er krafta i dette laget.

* Raufoss har den svenske forsvararen Andreas Wrele i stallen. Wrele er bror av Hødd-spelar Joakim Wrele, så her kan det vere duka for brødreduell.

16. Åsane

Hadde ein kanonstart på fjoråret, og leda OBOS-ligaen i fleire runder. Endte til slutt opp på ein meir forventa plass, men berga plassen i divisjonen.

Spissen Joakim Hammersland (Nest-Sotra), Tre spennande lån, i Fredrik Pallesen Knudsen frå Brann, Petter Aase frå Sogndal, og Moldetalentet Roni Peiponen. Av den mest brukte 11aren i fjor, er det berre forsvarar Rune Gravdal (Follo) som er borte. Trur det blir ein hard sesong for dei oransje i år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s