Kinesisk Superliga – Ei lyninnføring


Ei kjapp innføring i den mest omtala ligaen dei siste dagane. Store pengar er i omløp, og store stjerner har kome til ligaen. Men hittil kan det sjå ut til at pengane som lokkar dei dit ikkje er nok, når du vaknar åleine på andre sidan av jordkloda. Og dei fleste returnerer kjapt. Her er litt klubbfakta, kven som spelar kvar, og eventuelt kva profilerte trenarar som fins.

PS: Pr i dag er det slik at laga kan ha 4 utanlandske spelarar + ein frå Asia. Spelarar frå Hong Kong, Kinesisk Taipei og Macao tel som kinesiske i inneverande sesong, men ikkje etter 2016.

PPS: Ligaen i sin noverande form vart oppretta i 2004

Beijing Guoan
Frå Beijing (Nordaust i Kina, hovudstad)
Stadion: Workers Stadium (66,161)
Trenar: Alberto Zaccheroni (Vann Serie A med Milan i 1999, var sist trenar for Japan)
I Superligaen sidan starten i 2004. Vann i 2009, nr 4 i fjor. 
Drakter: Grønt med litt gult

Internasjonale spelarar: 
Renato Augusto, midtbane, 27 – Brasil – 5/1 landskampar/mål
Over 100 kampar for Leverkusen, sist i Corinthians.

Kleber, spiss, 25 – Brasil – 2 landskampar
Rundt 80 kampar i portugisisk serie.

Ralf, midtbane, 31 – Brasil – 8 landskampar
Kun spelt i Brasil tidlegare, 10 sesongar i Corinthians.

Asiatisk spelar: 
Egor Krimets, stoppar, 24 – Uzbekistan – 14 landskampar
Kun spelt i moderklubben Pakhtakor i heimlandet, er på utlån.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Yang Zhi, keeper, 33 – 37 landskampar
Lang Zheng, forsvar, 29 – 4 landskampar
Lei Tenglong, forsvar, 25 – 1 landskamp
Piao Cheng, midtbane, 26 – 1 landskamp
Zhang Chiming, ving, 27 – 3 landskampar (tidlegare i ungdomsapparatet til Metz, Everton, Sheffield United og Porto)
Song Boxuan, ving, 26 – 1 landskamp
Zhang Chengdong, ving, 26 – 21 landskampar (fortid i Portugal, Tyskland og Spania)
Yu Dabao, spiss, 27 – 35/14 landskampar/mål (har vore innom portugisisk fotball)

Tidlegare landslagsspelarar: 
Zhou Ting, back, 37 – 13 landskampar (siste i 2004)
Xu Yunlong, stoppar, 36 – 72/7 landskampar/mål (siste i 2008)
Zhang Xinxin, back, 32 – 2 landskampar (siste i 2012)

Anna:
Zhang Xiaobin, midtbane, har ei fortid i Stockport og i newzealandsk fotball.

Changchun Yatai
Frå Changchun (Nordaust i Kina)
Stadion: Development Area Stadium (25,000)
Trenar: Slavisa Stojanovic (Seriemester i Slovenia og Serbia som trenar)
I Superligaen sidan 2006, vann i 2007, nr 10 i fjor
Drakter: Heilraudt med litt gult

Internasjonale spelarar: 
Marcelo Moreno, spiss, 28 – Bolivia – 54/14 landskampar/mål
Har ei fortid i Brasil, samt Shakhtar Donetsk, Werder Bremen, Wigan

Moussa Maazou, spiss, 27 – Niger – 36/11 landskampar/mål
Har litt over 100 seriekampar i europeisk fotball, fordelt på heile 9 klubbar.

Asiatisk spelar: 
Anzur Ismailov, stoppar, 30 – Uzbekistan – 73/1 landskampar/mål

Tidlegare kinesiske landslagsspelarar: 
Song Zhenyu, keeper, 34 – 12 landskampar (siste i 2009)
Du Zhenyu, midtbane, 32 – 24/2 landskampar/mål (siste i 2009)
Zhang Xiaofei, midtbane, 33 – 7 landskampar (siste i 2008)
Yan Feng, midtbane, 33 – 3 landskampar (siste i 2013)

Anna:
Yaki Yen, forsvar, 26 – 5/1 landskampar/mål for Kinesisk Taipei (Fødd og oppvasken i Spania og har ei klubbfortid på lavt nivå der)
Jack Healy, back, 28 – 12 landskampar for Hong Kong
Ko Yu-ting, spiss, 22 – 1 landskamp for Kinesisk Taipei

Chongqing Lifan

Frå Chongqing (Sørvest i Kina)
Stadion: Chongqing Olympic Sports Center (58,680)
Trenar: Chang Woe-Ryong (Sørkoreanar med 30 landskampar. Trenar sidan 1987 utan dei store merittane)
I Superligaen for tredje gong sidan 2004. Beste plassering: 8 i fjor.
Drakter: Heilraudt

Internasjonale spelarar: 
Emmanuel Gigliotti, spiss, 28 – Argentina – 1 landskamp
Spelt i fleire storklubbar i heimlandet, seinast Boca Juniors.

Jael Ferreira, spiss, 27 – Brasil
Fekk 2 kampar for Kalmar i Sverige, men reiste tilbake til Brasil då overgongen til Skandinavia vart for stor.

Fernandinho, ving, 22 – Brasil
Fekk ein sesong i Estoril i Portugal før han kom til Kina.

Asiatisk spelar: 
Jung Woo-young, midtbane, 26 – Sør Korea – 10 landskampar
Ny frå Vissel Kobe i Japan denne sesongen.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Wang Dong, midtbane, 34 – 30/4 landskampar/mål

Tidlegare landslagsspelarar: 
Liu Yu, forsvar, 30 – 3 landskampar (siste i 2011)
Chen Lei, forsvar, 30 – 2 landskampar (siste i 2009)
Xu Yang, midtbane, 28 – 1 landskamp (siste i 2009)

Guangzhou Evergrande Taobao

Frå Guangzhou (Sør i Kina)
Stadion: Tianhe Stadium (58,500)
Trenar:  Luis Felipe Scolari (Verdsmester med Brasil 2002, seriemester i 3 land)
I Superligaen sidan 2011 (også 09-10). Vunne serien alle sesongar sidan 2011. (5 mesterskap)
Drakter: Raude med kvite shortsar

Internasjonale spelarar: 
Jackson Martinez, spiss, 29 – Colombia – 39/10 landskampar/mål
Fortid i Porto og Atletico Madrid. PL-aktuell, men gjekk til Kina for 42 millionar euro, og vart den dyraste spelaren i Asia nokon gong.

Paulinho, midtbane, 27 – Brasil – 32/5 landskampar/mål
Kom etter 2 sesongar i Tottenham

Alan, spiss, 26 – Brasil
59 mål på 89 kampar i Red Bull Salzburg

Ricardo Goulart, midtbane, 24 – Brasil – 1 landskamp
Fekk en landskamp mot Ecuador i 2014. Årets spelar i fjor.

Asiatisk spelar: 
Kim Young-Gwon, stoppar, 25 – Sør Korea – 43/2 landskampar/mål
Bakgrunn frå japansk J-liga

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Zeng Cheng, keeper, 29 – 31 landskampar
Mei Fang, forsvar, 26 – 19/1 landskampar/mål
Zhang Linpeng, forsvar, 26 – 48/5 landskampar/mål
Feng Xiaoting, stoppar, 30 – 48 landskampar
Zou Zheng, back, 27 – 3 landskampar

Rong Hao, back, 28 – 43 landskampar
Li Xuepeng, forsvar, 27 – 17 landskampar

Liao Lisheng, midtbane, 22 – 4 landskampar
Zheng Zhi, midtbane, 35 – 92/15 landskampar/mål (rundt 80 kampar i Charlton og Celtic)
Huang Bowen, midtbane, 28 – 31/2 landskampar/mål
Liu Jian, midtbane, 31 – 36/3 landskampar/mål
Zhang Jiaqi, midtbane, 24 – 5 landskampar
Yu Hanchao, ving, 28 – 43/8 landskampar/mål
Zheng Long, ving, 27 – 10/4 landskampar/mål
Gao Lin, spiss, 29 – 85/18 landskampar/mål
Dong Xuesheng, spiss, 26 – 3 landskampar

Anna:
Klubben er eigd (40%) av verdas største firma, Alibaba, og er relativt stinne.

Guangzhou R&F

Frå Guangzhou (Sør i Kina)
Stadion: Yuexiushan Stadium (18,000)
Trenar:  Dragan Stojkovic (Legende i Jugoslavia, Røde Stjerne og Marseille)
I Superligaen sidan starten i 2004 (med unntak av 2011). Beste plassering: 3 i 2014, vart nr 14 i fjor.
Drakter: Blå og kvitstripa

Internasjonale spelarar: 
Aaron Samuel, spiss, 21 – Nigeria – 7/2 landskampar/mål
Kjend frå Vålerenga og Sarpsborg

Gustav Svensson, midtbane, 28 – Sverige – 6 landskampar
Kom frå IFK Göteborg, har tidlegare vore i Tyrkia.

Renatinho, ving, 27 – Brasil
Fortid frå japansk fotball, ikkje all verda til merittar.

Bruninho, ving, 26 – Brasil
Fortid i Køge og Nordsjælland i Danmark.

Asiatisk spelar: 
Jang Hyun-soo, forsvar, 24 – Sør Korea – 24/3 landskampar/mål
Fortid i J-league i Japan.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Cheng Yuelei, keeper, 28 – 2 landskampar
Yu Yang, forsvar, 26 – 7 landskampar
Jiang Zhipeng, forsvar, 26 – 14 landskampar
Tang Miao, forsvar, 25 – 3 landskampar
Wang Song, midtbane, 32 – 9 landskampar
Zhang Yuan, midtbane, 26 – 2 landskampar
Wang Xiaoling, midtbane, 29 – 3 landskampar

Tidlegare landslagsspelarar: 
Zhang Yaokun, forsvar, 34 – 39/3 landskampar/mål (siste i 2009)
Li Jianhua, forsvar, 33 – 2 landskampar (siste i 2008)


Hangzhou Greentown

Frå Hangzhou (Aust i Kina)
Stadion: Hangzhou Huanglong Stadium (52,672)
Trenar: Hong Myung-bo (Tidlegare landslagstrenar for Sør Korea, OL-bronse i 2012)
I Superligaen sidan 2007. Beste plassering: 4 i 2010. Nr 11 i fjor.
Drakter: Grøne

Internasjonale spelarar: 
Davy Claude Angan, spiss, 28 – Elfenbeinskysten
Kampar for Lyn, Hønefoss og Molde i Tippeligaen.

Matthew Spiranovic, stoppar, 27 – Australia – 30 landskampar
Har 24 kampar i Bundesliga for Nürnberg.

Milos Bosancic, midtbane, 27 – Serbia
Spelt i Tsjekkia og Sør Korea. U21-kampar for Serbia.

Anselmo Ramon, spiss, 27 – Brasil
Berre ca 80 seriekampar på 9 år før han kom til Kina.

Imed Louati, spiss, 22 – Tunisia
Utlånt til Gyeongnam i Sør-Korea pga utlendingskvota.

Asiatisk spelar: 
Oh Bum-Seok, back, 31 – Sør Korea – 43/2 landskampar/mål
Litt erfaring frå russisk fotball

Tidlegare kinesiske landslagsspelarar: 
Tan Yang, spiss, 27 – 2 landskampar (siste i 2010)

Anna:
Cheng Po-liang, midtbane, 27 – Kinesisk Taipei – 45/16 landskampar/mål


Hebei China Fortune

Frå Qinhuangdao (Havneby i nordaust)
Stadion: Qinhuangdao Olypic Sport Center Stadium (33,000)
Trenar: Li Tie (92 landskampar, kjend for oss frå Everton og Sheffield United)
I Superligaen 2016. (Debutsesong)
Drakter: Raude med kvite shortsar

Internasjonale spelarar: 
Stephane Mbia, midtbane, 29 – Kamerun – 67/5 landskampar/mål
Spelt på toppnivå i Frankrike, Spania og Tyrkia, samt i QPR

Gervinho, spiss, 28 – Elfenbeinskysten – 71/20 landskampar/mål
Mannen med verdas høgaste panne, sist i Roma og Arsenal.

Nenad Miljas, midtbane, 32 – Serbia – 25/4 landskampar/mål
Tre sesongar i Wolves, over 150 kampar for Røde Stjerne

Ersan Gulum, stoppar, 28 – Tyrkia – 7 landskampar
Australskfødd stoppar som kjem frå Besiktas før denne sesongen.

Ibba Laajab, spiss, 30 – Norge – kampar for futsallandslaget
Kjend for dei fleste.

Edu, spiss, 34 – Brasil
Har en del kampar i Bundesliga, men har vore i asiatisk fotball sidan 2013

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Du Wei, stoppar, 33 – 68/4 landskampar/mål
Jiang Ning, spiss, 29 – 28/2 landskampar/mål


Henan Jianye

Frå Henan (Midt i Kina)
Stadion: Zhengzhou Hanghai Stadium (29,860)
Trenar: Jia Xiuquan (Spelte ei periode for Partizan Beograd)
I Superligaen sidan 2007 (med unntak av 2013). Beste plassering: 3 i 2009. Nr 5 i fjor.
Drakter: Raude med blå shortsar

Internasjonale spelarar: 
Ryan McGowan, stoppar, 26 – Australia – 16 landskampar
Mange kampar for Hearts, Ayr og Dundee United i Skottland.

Mateusz Zachara, spiss, 25 – Polen – 2 landskampar
Kun spelt i heimlandet før han kom til Henan i 2015.

Ivo, midtbane, 29 – Brasil
Spelt mest i heimlandet, men hatt to perioder i Sør Korea.

Eddi Gomes, forsvar, 27 – Danmark
Fødd i Guinea-Bissau. Bakgrunn frå Køge og Esbjerg i Danmark.

Asiatisk spelar: 
Javier Patino, spiss, 27 – Filippinene – 6/3 landskampar/mål
Har spelt for Cordoba og Xerez i Spania.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Ingen


Jiangsu Suning

Frå Nanjing (Søraust i Kina)
Stadion: Nanjing Olympic Sports Center (61,443)
Trenar: Dan Petrescu (Meir kjend som spelar, men vann ligaen i Romania med Unirea i 09)
I Superligaen sidan 2009. Beste posisjon: 2 i 2012. Nr 9 i fjor.
Drakter: Blå med kvitt

Internasjonale spelarar: 
Ramires, midtbane, 28 – Brasil – 52/4 landskampar/mål
Kom frå Chelsea for 25 millionar euro

Alex Teixeira, midtbane, 26 – Brasil
Hyperaktuell for Liverpool, men gjekk til Kina for 50 millionar euro

Sammir, midtbane, 28 – Kroatia – 7 landskampar
Brasilianskfødd kroat med 8 sesongar i Dinamo Zagreb bak seg.

Trent Sainsbury, stoppar, 24 – Australia – 15/1 landskampar/mål
Kom frå to sesongar i PEC Zwolle i Nederland.

Asiatisk spelar: 
Sergio Escudero, midtbane, 27 – Japan
Argentiskfødd med rundt 200 kampar bak seg i J-league

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Li Ang, forsvar, 22 – 2 landskampar
Zhou Yun, forsvar, 25 – 3 landskampar
Liu Jianye, forsvar, 28 – 45 landskampar
Ren Hang, forsvar, 26 – 22 landskampar
Ji Xiang, forsvar, 25 – 8 landskampar
Yang Hao, midtbane, 32 – 37/2 landskampar/mål
Wu Xi, midtbane, 26 – 34/2 landskampar/mål

Tidlegare landslagsspelarar: 
Lu Bofei, midtbane, 36 – 1 landskamp (siste i 2008)


Liaoning Whowin

Frå Panjin (Sør i landet, ved Liaodongbukta)
Stadion: Panjin Jinxiu Stadium (35,600)
Trenar: Ma Lin (45 landskampar for Kina, ikkje veldig merittert som trenar)
I Superligaen sidan 2004 (med unntak av 2009). Beste plassering: 3 i 2011. Nr 12 i fjor.
Drakter: Raude med svarte shortsar

Internasjonale spelarar: 
James Troisi, midtbane, 27 – Australia – 28/4 landskampar/mål
Junior i Newcastle, har også vore i stallen til Juventus.

Michael Thwaite, stoppar, 32 – Australia – 13 landskampar
Mest kjend for si tid i Brann kanskje. Spelt i Romania og Polen.

Ibrahima Touré, spiss, 30 – Senegal – 4 landskampar
52 kampar for Monaco mellom 2012-2013.

Assani Lukimya, stoppar, 30 – DR Congo – 3 landskampar
I tysk fotball frå 2004-2016. 79 kampar for Werder Bremen.

Franck Boli, spiss, 22 – Elfenbeinskysten
Henta frå Stabæk

James Chamanga, spiss, 36 – Zambia – 58/17 landskampar/mål
Spelt for fleire sørafrikanske klubbar. I Kina sidan 2008.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Yang Shanping, forsvar, 28 – 1 landskamp

Tidlegare landslagsspelarar: 
Zhao Junzhe, midtbane, 36 – 71/2 landskampar/mål (siste i 2008)

Shandong Luneng Taishan

Frå Jinan (Sør i Kina)
Stadion: Jinan Olympic Sport Center Stadium (56,808)
Trenar: Mano Menezes (Tidligare landslagssjef for Brasil)
I Superligaen sidan 2004. Seriemester i 2006, 2008 og 2010. Nr 3 i fjor.
Drakter: Oransje

Internasjonale spelarar: 
Diego Tardelli, spiss, 30 – Brasil – 14/3 landskampar/mål
Spelt for dei største klubbane i Brasil, samt PSV, Betis og Anzhi.

Walter Montillo, midtbane, 31 – Argentina – 6 landskampar
Bakgrunn frå chilensk, mexikansk og brasiliansk fotball.

Gil, stoppar, 28 – Brasil – 5 landskampar
To sesongar i Valenciennes i Frankrike, og 182 kampar for Corinthians.

Jucilei, midtbane, 27 – Brasil – 2 landskampar
Spelt i Corinthians, Anzhi og Al Jazira i Emiratane.

Aloisio, spiss, 27 – Brasil
Kom frå Sao Paulo, spelt i ein del mindre klubbar i Brasil. Toppscorar i fjor.

Junior Urso, midtbane, 26 – Brasil
Kom frå Coritiba i 2014.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Wang Dalei, keeper, 27 – 22 landskampar
Wang Tong, forsvar, 22 – 1 landskamp
Zheng Zheng, forsvar, 26 – 9/2 landskampar/mål
Dai Lin, forsvar, 28 – 2 landskampar
Wang Yongpo, midtbane, 29 – 14/7 landskampar/mål
Jin Jingdao, midtbane, 24 – 2 landskampar
Hao Junmin, midtbane, 28 – 52/11 landskampar/mål (14 kampar for Schalke)
Liu Binbin, ving, 22 – 4 landskampar
Zheng Wenzhao, ving, 28 – 4 landskampar
Yang Xu, spiss, 28 – 43/21 landskampar/mål


Shanghai Greenland Shenhua

Frå Shanghai (Aust i Kina, den største byen)
Stadion: Hongkou Football Stadium (33,060)
Trenar: Gregorio Manzano (Don Balon: Årets trenar i Spania i 2008)
I Superligaen sidan 2004. Beste plassering: 3 i 2010. Nr 6 i fjor.
Drakter: Blå med litt raudt.

Internasjonale spelarar: 
Tim Cahill, midtbane, 36 – Australia – 88/45 landskampar/mål
Treng vel neppe nærare presentasjon

Demba Ba, spiss, 30 – Senegal – 19/4 landskampar/mål
Tidlegare Hoffenheim, West Ham, Newcastle, Chelsea og Besiktas.

Fredy Guarin, midtbane, 29 – Colombia – 58/4 landskampar/mål
Kom frå Inter i år. Tidligare Porto og St.Etienne.

Avraam Papadopoulos, stoppar, 31 – Hellas – 37 landskampar
Massevis av erfaring frå Aris, Olympiacos og Trabzonspor.

Giovanni Moreno, midtbane, 39 – Colombia – 14/2 landskampar/mål
Kom frå Racing Club i Argentina i 2012

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Geng Xiaofeng, keeper, 28 – 3 landskampar
Deng Zhuoxiang, midtbane, 27 – 29/8 landskampar/mål
Qin Sheng, midtbane, 29 – 10 landskampar
Lü Zheng, ving, 30 – 3 landskampar
Gao Di, spiss, 26 – 2/1 landskampar/mål
Bi Jinhao, spiss, 25 – 1 landskamp

Tidlegare landslagsspelarar: 
Wang Yun, midtbane, 32 – 1 landskamp (siste i 2006)


Shanghai SIPG

Frå Shanghai (Aust i Kina, den største byen)
Stadion: Shanghai Stadium (56,800)
Trenar: Sven-Göran Eriksson (Ein av dei beste trenarane i Europa på 80- og 90-talet)
I Superligaen sidan 2013. Beste plassering: 2 i fjor.
Drakter: Raudt

Internasjonale spelarar: 
Asamoah Gyan, spiss, 30 – Ghana – 93/48 landskampar/mål
God karriere i Udinese, Rennes og Sunderland. Kjem frå 4 sesongar i Al Ain (Emiratene), der han scora 90 mål på 74 kampar!!

Dario Conca, spiss, 32 – Argentina
Sjølve symbolet på pengegaloppen i Kina. Var verdas tredje best betalte spelar då han spelte i Evergrande mellom 2011-13. Sette også den gong overgongsrekord, med 10 millionar dollar.

Elkeson, spiss, 26 – Brasil
Tidlegare storscorar i Evergrande. Har vore i landslagstroppen ein gong. Årets spelar i 2014, toppscorar i 13 & 14.

Jean Evrard Kouassi, spiss, 21 – Elfenbeinskysten
U20-landslagsspelar med tre gode sesongar i Hadjuk Split i Kroatia bak seg.

Asiatisk spelar: 
Kim Ju-young, stoppar, 27 – Sør Korea – 9 landskampar
Tidlegare seriemester i heimlandet med FC Seoul.

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Yan Junling, keeper, 25 – 2 landskampar
Shi Ke, forsvar, 23 – 1 landskamp
Sun Xiang, back, 34 – 69/5 landskampar/mål (fortid i PSV og Austria Wien)
Cai Huikang, midtbane, 26 – 16 landskampar
Wu Lei, midtbane, 24 – 32/6 landskampar/mål (Mestscorande kinesar i ligaen dei tre siste sesongane)
Yu Hai, ving, 28 – 58/10 landskampar/mål

Anna:
Har ein av dei yngste stallane i ligaen.


Shijiazhuang Ever Bright

Frå Shijiazhuang (Nordaust, i Hebei-provinsen)
Stadion: Yutong Internationals Sport Center (38,500)
Trenar: Yasen Petrov (Bulgarar med tre landskampar og trenarbakgrunn frå Lokomotiv og Levski i Sofia)
I Superligaen sidan 2015. Beste plassering: 7 i fjor
Drakter: Blå med kvite shortsar

Internasjonale spelarar: 
Ruben Michael, midtbane, 29 – Portugal – 16/2 landskampar/mål
Spelt fast for Porto, Zaragoza og Braga før han kom til Kina.

Jacob Mulenga, spiss, 31 – Zambia – 42/9 landskampar/mål
Bakgrunn frå fransk, nederlandsk og tyrkisk fotball

Mario Rondon, spiss, 29 – Venezuela – 13/3 landskampar/mål
Bakgrunn frå middelhavsfararklubbar i Portugal

Asiatisk spelar: 
Cho Yong-Hyung, stoppar, 32 – Sør Korea – 42 landskampar
5 sesongar i Qatar bak seg, før han kom til Kina

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Guan Zhen, keeper, 30 – 2 landskampar
Xu Bo, forsvar, 30 – 2 landskampar
Cui Peng, midtbane, 28 – 7 landskampar
Mao Jianqing, ving, 29 – 9/2 landskampar/mål

Tidlegare landslagsspelarar: 
Li Chunyu, midtbane, 29 – 1 landskamp (siste i 2010)


Tianjin Teda

Frå Tianjin (Nordaust i Kina, nær Beijing)
Stadion: Tianjin Olympic Center Stadium (54,696)
Trenar: Dragan Okuka (Tidlegar u21-landlagstrenar for Serbia, har vunne serien i Jugoslavia og Polen som trenar)
I Superligaen sidan 2004. Beste posisjon: 2 i 2010. Nr 13 i fjor.
Drakter: Heilkvitt.

Internasjonale spelarar: 
Fredy Montero, spiss, 28 – Colombia – 4 landskampar
Slo gjennom i Seattle Sounders, kjem frå 4 gode sesongar i Sporting Lisboa.

Wagner, midtbane, 31 – Brasil
Bakgrunn frå Tyrkia og Russland. 400 kampar i øvste divisjon i Brasil.

Mbaye Diagne, spiss, 24 – Senegal
Juventuseigendom i 2 sesongar, utan å få spele. Kom frå ungarsk fotball.

Zainadine Junior, forsvar, 27 – Mozambique – 34 landskampar
Kom frå Nacional i Portugal.

Aleksandar Jovanovic, stoppar, 26 – Australia
Ingen landskampar, bakgrunn frå koreansk, thai og kroatisk fotball

Noverande kinesiske landslagsspelarar: 
Yuan Weiwei, forsvar, 30 – 3 landskampar
Cao Yang, forsvar, 34 – 32/2 landskampar/mål
Bai Yuefeng, back, 28 – 3 landskampar
Zhou Haibin, midtbane, 30 – 43/3 landskampar/mål (Eit år i PSV utan å spele i serien)

Tidlegare landslagsspelarar: 
Zong Lei, keeper, 34 – 12 landskampar (siste i 2009)
Wang Xinxin, midtbane, 34 – 5/1 landskampar/mål (siste i 2009)
Hui Jiakang, midtbane, 27 – 1 landskamp (siste i 2008)
Mao Biao, spiss, 28 – 1 landskamp (siste i 2009)
Qu Bo, spiss, 34 – 78/18 landskampar/mål (siste i 2013)


Yanbian Funde

Frå Yanji (I det autonome koreanske prefekturet Yanbian, nordaust, på grensa til Nord Korea)
Stadion: Yanhi Nationwide Fitness Centre Stadium (30,000)
Trenar: Park Tae-Ha (Tidlegare assistent for landslaget til Sør Korea)
I Superligaen 2016. Vann nivå to i fjor.
Drakter: Heilraudt.

Internasjonale spelarar: 
Nikola Petkovic, forsvar, 29 – Serbia
Fotballnomade; har spelt i Belgia, Australia, Israel, Serbia, Russland, Saudi Arabia, Tyrkia og Tyskland dei siste sesongane
*Reiste i 2015 heim frå Australia pga heimlengsel, i følge wikipedia

Bubacarr Trawally, spiss, 21 – Gambia – 2 landskampar
Henta frå Gambia til kinesisk fotball i 2015

Asiatisk spelar: 
Kim Seung-dae, spiss, 24 – Sør Korea – 2/1 landskampar/mål
Kjem frå tre sesongar i Pohang Steelers i heimlandet.

Ha Tae-goon, spiss, 28 – Sør Korea
Scora 12 mål på 12 kampar sist sesong,

Yoon Bit-garam, midtbane, 25 – Sør Korea – 14/2 landskampar/mål
Henta frå sørkoreansk fotball før denne sesongen,

* Kjelder: 
wikipedia
klubbane sine eigne heimesider

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s