Kven er stadionet oppkalla etter?


imageStadig fleire fotballstadion rundt om i Europa får namna sine frå store sponsorar. I Tyskland er dette allereie regelen heller enn unntaket, og England følgjer etter. Men somme stadion har framleis sine flotte namn. Men kvar fekk dei namna frå, før dei fekk dei frå sponsorar? Her er nokre av våre favorittar:

Belgia: 

Club & Cercle Brugge – Jan Breydel Stadion – Jan Breydel var ein flamsk slaktar, som leia eit opprør (Brugse Metten) mot franske armear i 1302. Er ein slags folkehelt i Belgia.

Kortrijk – Guldensporen Stadion – Er oppkalla etter eit slag i 1302, der folk frå Flandern bekjempa franskmennene som ville ta landet deira. Jan Breydel (Stadion i Brugge) er sagt å ha vore med på dette slaget, og seinare også Brugse Metten.

Frankrike:

Ajaccio – Stade Francois Coty. Stadion vart pussa opp i 2002, og fekk då namn etter Francois Coty, ein antisemitt og høgre-vridd fascist-sympatisør som dreiv med parfyme og politikk.

Lens – Stade Felix-Bollaert – Oppkalla etter direktøren for gruveselskapet i byen, som var ein prådriver for sport i lokalområdet.

St. Etienne – Stade Geoffroy-Guichard – Oppkalla etter grunnleggaren av landets nest største dagligvarekjede.

Registreringslenke for bloggurat

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s