Den belgiske modellen


I dag kom forslaget om å endre Tippeligaen slik at den vert meir lik den belgiske serien.

Her er eit par nøkkeltal frå dei to seriane, til samanlikning.

Geografi
Avstanden mellom dei to stadiona som ligg lengst unna kvarandre i Belgia, i Oostende og Liege, er ca 21 mil. I Norge er avstanden mellom Sør Arena og Alfheim ca 140 mil.

Tilskodarar
Tilskodarsnittet i Jupiler League er på 11 075 pr kamp. I Tippeligaen er det 6 895 pr kamp. Belgia har 11,1 millionar innbyggjarara, Norge har 5,1 millionar. Om me tilpassar innbyggjarantalet i Norge med Belgia, og justerer tilskodarsnittet deretter, så ville Tippeligaen ha hatt 15 003 tilskodarar pr kamp.

Eigenproduserte spelarar
I Tippeligaen 2014 er 65,65% av dei som har vore på bana norske spelarar. Det tilsvarande talet på belgiarar i Belgia er 48,66%.

I Belgia er 9,68% av spelarane som er brukte i dei 14 fyrste kampane i denne sesongen belgiarar under 20 år. I Tippeligaen 2014 er andel 13,57%, i fylgje Altomfotball.no. (Og det talet stemmer heller ikkje heilt, for det er basert på alderen dei har i dag. Fleire av dei som har fylt 20 no, har vore på bana medan dei framleis var 19.)

Westerlo er den klubben i Belgia som har høgast andel belgiske spelara, med 75% (18 av 24). Lågast andel har Mouscron, med 22,7% (5 av 22 spelarar).

I Tippeligaen har Odd brukt 84,2% norske spelarar (16 av 19) og Vålerenga 79,2% (19 av 24). Haugesund og Sandnes Ulf er lågast, med 56,5% (Begge har 13 av 23).

9 av 16 lag i Jupiler League har benytta seg av under 50% belgiske spelarar. 4 av laga ligg under 40%.

I Tippeligaen er berre 4 lag under 60%.

For Vålerenga har 7 av totalt 24 brukte spelarar vore nordmenn under 20 år. Det tilsvarar 29,17%. Den høgaste prosentandelen i Belgia er 16,67% (Standard Liege, Westerlo og Lierse).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s