Den 152. beste spelaren i Europa


WhoScored.com fører ein omfattande statistikk på europeisk fotball, og blant det rike tilbodet deira, er ei oversikt over alle spelarane i dei fem store ligaene, Premier League, Serie A, La Liga, Ligue 1 og 1.Bundesliga.

Hittil i sesongen har 1414 spelarar spelt nok kampar til å kvalifisere til denne lista (Minst 4 kampar pr i dag), og på lista finn med 3 nordmenn. Den beste av dei, er formspelaren Tarik Elyounoussi, som kanskje noko overraskande er ranka som nr 152 av alle spelarane i disse 5 ligaene. Han har eit poengsnitt på 7.33. Til samanlikning har dei tre på topp, Cristiano Ronaldo, Arjen Robben og Lionel Messi hhv 8.97, 8.78 og 8.72 i snitt.

Det er to andre nordmenn på lista: Per Ciljan Skjelbred er ranka som nr 711, med 6.83 i snitt, og Håvard Nordtveit er nr 1269 med 6.33.

Me har også 4 spelarar som ikkje har nok kampar. Brede Hangeland har 6.88 i snitt, Bård Finne 6.16, Anders Konradsen 6.09 og Rune Almenning Jarstein 5.85.

Topp 10:
1. Cristiano Ronaldo, Real Madrid – 8.97
2. Arjen Robben, Bayern München – 8.78
3. Lionel Messi, Barcelona – 8.72
4. Carlos Tevez, Juventus – 8.33
5. Diego Costa, Chelsea – 8.28
6. Angel Di Maria. Manchester United – 8.05
7. Eden Hazard, Chelsea – 8.04
8. Jeremy Menez, AC Milan – 7.96
9. Cesc Fabregas, Chelsea – 7.90
10. Ricardo Rodriguez, Wolfsburg – 7.89
10. Ander Herrera, Manchester United – 7.89

Vår beste mann er altså nummer 152 på lista, noko som plasserer oss på ein fjerdeplass blant dei fem nordiske landa. Sveriges beste, Zlatan Ibrahimovic (PSG) har eit snitt på 7.74, og ligg med det på 23.plass. Danske Simon Kjær (Lille) ligg på 69.plass med 7.54, og islandske Gylfi Sigurdsson (Swansea) er nr 130, med 7.37. Finland sin beste er sist av dei fem, på ein 386.plass. Perparim Hetemaj (Chievo) har eit snitt på 7.07.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s