Målscorarane i Tippeligaen etter nasjonalitet


Over halvparten av måla i årets Tippeliga er scora av norske spelarar. 325 av dei 607 måla (utan sjølvmål) er scora av norske spelarar. Det tilsvarer 53,54%.

På ein ganske klar andreplass kjem Island, som har den soleklare toppscoraren i serien, i Vidar Ørn Kjartansson, med 24 mål på 25 kampar. Totalt har dei islandske spelarane stått for 64 mål (10,54%).

Danmark har akkurat halvparten av Island, med 32 mål (5,27%) og Sverige har 28 (4,61%).

Nigeria er beste ikkje-nordiske land, med 27 mål (4,45%). Elfenbenskysten har 22 (3,62%), Ghana 20 (3,29%), Finland 16 (2,64%), Senegal 14 (2,31%) og Costa Rica 11 (1,81%).

På 7 mål (1,15%) finn me Ungarn (Alle Peter Kovacs) og Chile (Alle Diego Rubio). Serbia har 6, Belgia, Brasil og USA 4 (0,66%), og Slovakia, Frankrike og Jamaica 3 (0,49%).

Skottland har 2 mål (0,33%), medan New Zealand, Argentina, Austerrike, Portugal og Makedonia har eit kvar (0,16%)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s