Dei finaste bortedraktene i PL


Det har vore mange kåringar av dei finaste draktene i årets Premier League, så me køyrer like godt på med vår eiga kåring av dei bortedraktene me liker best.

1. Chelsea

Denne er både stilig og retro og rein i stilen. Enkle fargar og ikkje for mykje dilldall.

Logoen til Samsung er enkel og fin.

Faktisk er den finare enn veldig mange av fyrstedraktene i Premier League.

2. Manchester City
Det er mest svart og gult det går i blant reservedraktene, og svart er jo som regel ein vinnar når det kjem til enkelheit.

City kombinerer dette med ein gråfarge og detaljar i gull, og det gir ei fin og stilfull drakt.

Eit pluss for City at Etihad sin logo ser såpass bra ut til berre å vere bokstavar.

 

3. Crystal Palace
Palace sine drakter er inspirerte av dei gamle kvite draktene dei brukte på 70- og 80-talet.

Fungerar veldig bra med ein liten sponsor på brystet, som ikkje står i vegen for designen. Det same som me såg på fjorårets Vålerengadrakter, og på draktene til Celtic og Rangers for eit par sesongar sidan.

4. Fulham

Raude og kvite drakter som minner litt om uniformene frå Star Trek. Litt som draktene som Charlton hadde ein gong i gamle dager.

Enkle fargar, retro stil og ein sponsor som ikkje skjemmer ut drakta altfor mykje.

5. Everton

Ved sidan av dei svarte, så er det dei gule draktene som dominerer blant andredraktene. Og den finaste av dei er den svenskfarga Evertondrakta.

Det er fleire som nyttar seg av stripene over brystet, og på denne drakta fungerer det i alle fall bra. Så er logoen fin, og dei har beholdt Evertonblått i den øvre delen av skjorta.

6. Arsenal
Litt kjedelig kanskje, men heilt streit drakt, som ikkje har så mange ting å trekke på.

Er ikkje kjempefan av kragen, men ellers er det vel greit.

7.  Southampton
Nok ei svart drakt, med ein noko dominerane kvit krage.

Men ein heilt rein kombinasjon av svart og kvitt er sjeldent, og fungerer veldig bra. Ok sponsorlogo også, og Adidasstripene på skuldrene gir drakta eit klassisk drag.

8. West Ham
Dette er den finaste av draktene i midtsjiktet.

Der dei sju øverste ser ganske fine ut, så kjem me no til ein del som nok ikkje går inn i historia som minneverdige.

West Ham si er den minst stygge av disse, og er heilt ok, berre veldig kjedelig. Litt stygg sponsor, og langt frå den finaste Adidasdrakta me har sett.

9. Manchester United
Dei skotske rutene har fått mykje kritikk, og me er heller ikkje verdas største fans, men i forhold til mange av dei andre draktene, så er ikkje denne så verst.

Mørke fargar, og berre kvitt i emblem og sponsorlogo er pluss i boka.

10. West Bromwich
Igjen ei ganske ordinær drakt, men i alle fall har dei vore nokon lunde nøkterne med fargane.

Sponsorlogoen har dei fått så mykje ut av som muleg her. Den er styggare på fyrstedrakta.

11. Aston Villa

Dette er vel heilt klart ei eksperimentell drakt, og nedover i divisjonane har me sett disse 4-ruta modellane før (Bristol Rovers, Wycombe etc), men særleg fine er dei ikkje.

Og kvitt og lilla er heller ikkje ein super kombinasjon, men farga ser likevel bedre ut enn ein del av dei andre reservedraktene.

Villa lid nok litt under det at produsenten Macron ikkje har særleg fint design på draktene sine, og på død og liv skal ha med denne «mannen» på skuldrane.

12. Cardiff City
Ved fyrste augekast tenker ein jo at dette må vere den styggaste bortedrakta i Premier League, men så dukkar det altså opp ein del kandidatar som er verre.

Nok ei gul drakt, enkel i designen, og kanskje litt for enkel. Pluss for at det er mest raudt som andrefargen, men minus for den stygge streken som går over brystet, og den kjedelige logoen til sponsoren.

13. Sunderland
Nok ei gul drakt, men dette er den minst fine av dei. Mest på grunn av det raude under armane, men også ein svært kjedelig sponsorlogo trekk ned.

Nesten vanskeleg å skjøne at eit lag med striper, som jo er svært vanskeleg å få til å sjå bra ut, har ei einsfarga drakt som ser verre ut.

14. Tottenham
Denne drakta hadde me litt sansen for i starten, men etter å ha sett den i aksjon nokre gonger, vert den verre og verre.

Den ser rett og slett ut som noko ein ansatt på lageret til HP motvillig må gå med når han jobbar.

15. Swansea City
Denne skiller seg ganske mykje ut, men det gule mønsteret og dei kinesiske teikna, men sjølv om den er nokon lunde original, så er den ikkje særleg fin.

16. Norwich City
No er me over på dei som verkeleg ikkje ser bra ut.

Norwich si har i grunnen ein del positive trekk, men kragen og dei rette streken mellom drakt og ermer trekk veldig ned.

Det at det vert ein del fargar i den asymetriske logoen er heller ikkje eit pluss.

17. Newcastle United
No er me over i eit segment som me har valgt å kalle «drakter som ikkje ser ut som drakter, men trening-tskjorter.» Den minst stygge av dei er Newcastle si, som, dersom den hadde sett meir ut som ei fotballdrakt, faktisk ikkje er så verst i fargane og i stilen.

Men det at den ser ut som ei trøye som du brukar på SATS, og absolutt ikkje ei fotballskjorte, så hamnar den svært langt nede i denne kåringa.

18. Hull
Denne ser endå meir ut som ei gratisskjorte du får på treningssenteret ditt, enn Newcastledrakta.

Underlege fargar, så langt frå tigerfargen som du kan kome, og ein logo som ser billig og dårleg ut.

19. Liverpool
Ein skulle jo ikkje tru at dette gjekk an i 2014. Husfliden er nok kjempefornøgd med å få promotert bunaden i engelsk toppfotball, men som fotballdrakt er nok denne ei drakt som kjem til å verte ledd av lenge, kor enn nokre av klubben sine supporterar prøver å seie at den ikkje er så verst. For det er den.

20. Stoke City
Og om ein ikkje skulle tru at det gjekk an å lage ei drakt sånn som bortedrakta til Liverpool, så skulle ein i alle fall ikkje tru at det gjekk an å lage ei drakt som såg verre ut.

Men gratulerer til Adidas og Stoke, som har klart det mesterstykke å lage ei drakt i lysegrått, svart og signalgult. Ser ut som noko du finn i billigkroken på ein sportsbutikk på Svinesund.

Ei drakt så grell at du sannsynligvis ikkje hadde fått levere den til resirkulering ein gong.








Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s