Premier League: "Asiatisk XI"


Me fylgjer opp i same gata som me gjorde med dei 11 norske og dei 11 skandinaviske spelarane som har spelt flest kampar i Premier League. Asia har ikkje tradisjonelt sett vore veldig godt representert i Premier League, sjølv om nokre av dei koreanske, japanske og kinesiske spelarane har fått mykje merksemd i sine heimland. Men no er tida med «t-shirt» forbi, og denne sesongen er det fleire spelarar frå Sør-Korea spesielt, som har spelt mykje for sine lag.

1. Ali Al-Habsi, Oman – 110 kampar
2. Zesh Rehman, Pakistan – 21 kampar
3. Young-Pyo Lee, Sør Korea – 70 kampar
4. Sun Jihai, Kina – 123 kampar
5. Maya Yoshida, Japan – 32 kampar*
6. Li Tie, Kina – 34 kampar
7. Junichi Inamoto, Japan – 66 kampar
8. Ji-Sung Park, Sør Korea – 154 kampar
9. Chung-Yong Lee, Sør Korea – 67 kampar
10. Ki-Hyeon Seol, Sør Korea – 48 kampar
11. Sung-Yueng Ki, Sør Korea – 29 kampar*

* – Spelaren er i aksjon i PL også denne sesongen

I forhold til dei andre laga me har presentert, så er denne ellevaren frå Asia svært open for endringar i løpet av denne sesongen. Berre to av spelarane er aktive i PL denne sesongen, og det er mange som kan kjempe å erstatte f.eks Rehman med berre 21 kampar, eller Li Tie med 34 kampar her.

Ashkan Dejagah frå Iran har 21 kampar for Fulham før denne sesongen, og kan fort snike seg inn.
Japanarane Ryo Miyaichi og Shinji Kagawa kan fort kome inn. Fyrstnemnde frå Arsenal, har 16 kampar på utlån i Wigan og Bolton, medan Kagawa har 20 kampar frå sist sesong. Får han tillitt av Moyes, kan han fort kome inn på dette laget.
Dong-Won Ji i Sunderland hadde 19 kampar før denne sesongen, og har allereie spelt 3 no, så han ville vore inne på lista i staden for Rehman her. Så har Bo-Kyung Kim i Cardiff spelt alle kampane hittil i sesongen, og kan vere inne på laget ved sesongslutt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s