Stova tippar Adeccoligaen


Tradisjonen tru, har me sett opp vår slutt-tabell for Adeccoligaen. Det gjekk ikkje kjempebra i fjor, men me svevar fortsatt på at me tippa Sandnes Ulf opp den gongen ingen hadde tru på dei.

16. Elverum

På papiret den absolutt svakaste stallen, og heilt utan erfaring på nivået. Tradisjonelt sett har vel talenta i området også valgt ein av dei andre klubbane i nærleiken (HamKam eller Kongsvinger.)

Fleire av dei nyopprykka kjem til å slite, men me trur Elverum vert den største kasteballen.

15. Vard

Har ikkje eit veldig mykje bedre lag enn Elverum, på papiret, og kvalifiserte seg frå ei avdeling som muligens var dårlegare enn den Elverum var i. Svært få som har erfaring frå høgare nivå, med unntak av dei to ivorianarane Kader og Elvis, som kjem frå Sogndal.

14. Follo

Overraska i cupen for nokre år sidan, og har vore på dette nivået eit par gonger dei seinare åra. Men stallen ser for tynn ut, og profilane manglar.

13. Strømmen

Har vore med her oppe nokre år, og har ein del spelarar som ikkje er så verst, og spennande trenarar, men har slitt i botnen i fleire sesongar. Og denne sesongen ser det berre ut som om det er tre lag som er dårligare. Og då vert det nedrykk for landets einaste topplag med grå drakter.

12. Ull/Kisa

Hadde ein kanonsesong i fjor, og vil neppe ha sjanse til å gjere det om igjen. Ny trenar er inne, og kanskje divisjonens beste keeper i Stefan Logi Magnusson, og ellers også eit par gode spelarar, men alt i alt ser det for tynt ut, og det vert nok ein sesong i botnen for dei gulgrøne.

11. Kongsvinger

Ein OK stall, men litt ujamn. Har slitt ein del utanfor bana dei siste sesongane, og me trur KIL også vil få ein tøff sesong på bana i år.

10. Bryne

Det gamle topplaget har slitt i fleire år no, og kvart år er det nokon som tippar at det snur. Me hadde dei høgre oppe i fjor, men trur det vert tungt igjen. Men dei har ein ung og ganske jamn stall, og det kan vere eit pluss. I tillegg har spissen Skartun vist god form i oppkøyringa. Trur det kan verte ganske jamnt mellom 5-10.plass i år.

9. HamKam

Også eit lag som potensielt kan vere med mykje lenger oppe på tabellen. Mykje bra talent, og ein ganske god stall, men det er mange gode lag med i år, og me trur HamKam kjem ganske langt bak i denne midtsjiktegruppa.

8. Stabæk

Ein katastrofesesong i fjor, og sjølv om eit nedrykka Tippeligalag burde hevde seg i Adeccoligaen, så er det vel ingen grunn til å tru det om Stabæk. Tynn stall, dei beste spelarane er borte, og det kviler ei tung bør på unge skuldre.

7. Kristiansund

Det klart beste av dei nyopprykka laga. Satsar stort, og har storebror Molde i ryggen. Dei siste åra har vore eit eventyr på Nordmøre, og det er ingen grunn til å tru at det skal stoppe. Ein kanditat til å kjempe om ein plass på øvre halvdel.

6. Hødd

Fjorårets cupmester skuffa stort i serien i fjor, men har potensiale til å gjere det mykje bedre. Presterte i overkant i 2011, og fekk nok ein reaksjon på det i fjor. Men spelargruppa har vore ganske lik desse åra, og det er grunn til å tru at årets lag kan gjere ein svært god sesong.

5. Ranheim

Laget som ikkje vil spele i Tippeligaen, seiast det om Ranheim. Om det er sant eller ikkje, får heller vere, men dei var svært gode i fjor, og omlag på høgde med dei to laga som rykka opp. Framleis gode, og vil nok vere med i opprykkskampen, men til slutt trur me det vert litt for tungt.

4. Sandefjord

Ein av dei virkelege opprykksfavorittane. Me trur det ikkje vert direkte opprykk i år, men ikkje langt unna. Ein jamn og sterk stall, men manglar kanskje det vesle ekstra som kan føre til opprykk.

3. Mjøndalen

Eit solid og godt lag i fjor, som trenar Vegard Hansen berre har fortsett med å bygge på i år. Solide i dei fleste ledd, og vil nok verte vanskelige å slå i år. Borteforma kan vere det som står mellom dei  og opprykk.

2. Bodø/Glimt

Har kome seg over ei vanskelig kneik dei siste åra, og er sterke nok til å rykke direkte opp i år. Gode og erfarne spelarar i alle ledd, ispedd gode talent heile vegen.

1. Fredrikstad

Rykka ned i fjor, men har framleis ein stall som kunne vore med å kjempa i Tippeligaen. Det bør verte ein enkel retur for laget frå plankebyen.

Kommenter innlegget