Dette er Brann sine drakter for den komande sesongen.
Heimedrakta som me skraut mykje av i fjor, er framleis bra, med berre raudt og kvitt, og fine retro Hummelfiskebein nedover ermane.
Men det er bortedrakta som er mest spennande i år, syns me. Svarte ermer, og gråmelert kropp, trur me aldri me har sett på ei fotballdrakt før. Fysst såg det ut som ei treningstrøye, men det er altså bortedrakta som skal brukast i år.
Og som me heimedrakta, så køyrer dei nesten reine, kvite logoar, med unntak av Brannlogoen og Toro-logoen på skuldra. Utan at me har sett dei andre bortedraktene endå, har Stova ganske stor tru på at Branndrakta kjem til å segle trygt opp på topp-3 blant årets bortedrakter.
Vil du kjøpe drakta, så finn du den i Brannbutikken på nett.
Når me no skraut såpass mykje av draktene deira, så kan me ta med noko me fann usannsynlig irriterande på heimesida Brann.no, nemleg ei popup-reklame for «siste nytt» som poppa opp kvar einaste gong du klikka deg inn på ei ny side.
Har lagt merke til at dei fleste Tippeligaklubbane har dette, og det er heilt unødvendig. På ei klubbside som fyrst og fremst vert besøkt av klubbens eigne fans, er det null behov for denslags påtrenga reklame.