Minneverdige spelarnamn #5


Her er 5 nye namn som er verdt å merke seg, av andre årsaker enn det fotballmessige.

1. Ravi

Reservelagskeeperen til Corinthians har eit namn som kanskje me nordmenn set meir pris på enn andre, men likevel. Skulle eg hatt med Ravi på laget mitt, ville han nok ikkje stått i mål.

2. Neeskens Kebano

Midtbanemannen frå Paris St.Germain er fødd og oppvaksen i Frankrike, men faren var ein stor fan av nederlandske Johan Neeskens, derav namnet. Så spørs det om den unge Neeskens kan leve opp til namnet. Han er i alle fall i ein stor nok klubb, sjølv om han pr dags dato er utlånt til Caen.

3. Stjepan Kukuruzovic

Eit litt barnsleg bidrag kanskje, men me tek likevel kroaten frå Zürich, med det pikante namnet.

4. Ananias

Cruzeiro si nysignering frå Bahia. Midtbanemann som i fjor var utlånt til Portuguesa, eit lag som på den tida vart samalikna med Barcelona i spelestilen, og fekk kallenanmet Barcelusa. Ananias vart kalla Ananiesta av fansen.

5. Victor PC

Det var vel berre eit tidsspørsmål før dataalderen gjorde sitt inntog i fotballverda. Om det er derfor Victor heiter Victor PC, er uvisst, men den unge stopparen frå Corinthians har i alle fall eit etternamn som vert kort og presist på ryggen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s