Tippeligaen 2012 – Holde nullen


Ei lita keeperoppdatering frå årets Tippeliga.

Dei fleste keeperane i Tippeligaen har på eit eller anna tidspunkt klart å halde nullen i kamp denne sesongen, men det er nokre få som har utmerka seg. 12 keeperar har halde nullen i 6 eller fleire kampar, medan dei 13 andre som har halde nullen berre har greidd å halde den 1, 2 eller 3 gonger.

Men best av alle denne sesongen, var Rosenborgkeeper Daniel Örlund. 12 gongar gjekk han av bana uten å sleppe inn mål. På delt andreplass kjem gjerrige Sogndal sin keeper, Kenneth Udjus, og Odd sin landslagsaktuelle keeper André Hansen, med 11 kvar.

Det laget som holdt nullen i flest kampar, var Tromsø, men disse var fordelt på tre forskjellige keeperar. Lekström (9), Sahlman (3) og Sillanpää (1).

Vidare nedover på lista finn me Hønefosskeeper Steve Clark, Adam Larsen Kwarasey frå Godset, nemnte Lekström og Haugesund sin Per Morten Kristiansen, alle med 9 smultringar.

Rune Almenning Jarstein i Viking hadde 8, Sten Grytebust (AaFK), Espen Bugge Pettersen (Molde) og Sead Ramovic (Lillestrøm) hadde 7, medan Lars Hirschfeld frå Vålerenga hadde 6.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s