Fedre og søner (og døtre) VIII


Etter ei lengre pause, er me tilbake med fleire fedre og søner i internasjonal toppfotball. Her er ti nye duoar:

1. Roberto, Christian og Max Vieri

(Og allereie på den fyrste sprekk «duo»-begrepet)

Pappa Roberto spelte i blant anna Fiorentina, Sampdoria, Juventus, Roma og Bologna, før han reiste til Australia og spela for Marconi Stallions.

Sonen Christian vart fødd under opphaldet i Bologna, og vart på høgda av si karriere regna som ein av dei aller beste spelarane i verda. Han har 49 landskampar for Italia og 23 mål, og ein karriere i storklubbar som Juventus, Atletico Madrid, Lazio, Inter, Milan og Monaco.

Yngstemann Max (Massimiliano) vart fødd medan pappa spela i Australia, og har derfor fått 6 landskampar for dei gule og grøne. Den siste i 2005. Han starta karrieren i Juventus, men fekk aldri spele der, og med unntak av nokre år i Verna og Napoli, har det vorte mest småklubbar for Max. Han spelar no i vesle AC Prato.

2. Javier Hernandez Gutierrez og Javier Hernandez Balcazar

Pappa spelte 28 landskampar og scora 4 mål frå midtbana til Mexico, medan junior i dag gjer stor suksess i Manchester United, under kallenammnet Chicharito. I tillegg spelte også bestefaren til Chicharito, og svigerfaren til Hernandez sr, Tomas Balcazar, for det mexikanske landslaget.

3. Bryan og Angus Gunn

Pappa Bryan var ei legende i Norwich og fekk også 6 landskampar for Skottland.

Sonen Angus er 15 år, og i ungdomssystemet til Norwich. I 2010 vart han for fyrste gong teken ut i U16-troppen til England.

4. Danny og Daley Blind

Pappa Danny vart etter kvart ein veteran, med 13 sesongar i forsvaret til Ajax, og 42 landskampar for Nederland.

Daley spelar på venstrebacken i same klubb, og er på u21-landslaget.

5. David og Kris Bright

Pappa David spelte 8 landskampar for New Zealand, medan sonen Kris har spelte i Fortuna Sittard og deretter to sesongar Kristiansund (!), før han var ei runde rundt i verda, i England, Ungarn og Malta, før han denne sesongen spelar for Bryne.

6. Wynton og Caleb Rufer

Pappa Wynton ei legende i Werder Bremen og på landslaget til New Zealand. Caleb spelar på lavare nivå i Tyskland, i Wehen Wiesbaden, men er framleis berre 20 år.

7. John og George Moncur

Pappa John hadde ei bra karriere i Tottenham, Swindon og West Ham, medan George no har rykka opp til Premier League med West Ham. Sjølv om han var på lån i AFC Wimbledon denne sesongen.

8. Kenny & Dean Shiels

Pappa Kenny spelte heile sin aktive karriere i nordirsk fotball, men er i dag manager i skotske Kilmarnock. Dean starta i Hibernian, men var fleire sesongar i Doncaster, før pappa Kenny henta han til Kilmarnock i 2011. Denne sesongen gjekk han til Rangers, for å vere med på deira retur til den øverste divisjonen i Skottland.

9. Anders & Madeleine Giske

Det finst fedre og døtre også i toppfotballen, og me tek med eit par her. Pappa Anders spelte både på landslaget, og i Brann, Nürnberg, Leverkusen og Köln. Dottera Madeleine, som er fødd i Nürnberg, spelte i bergensklubbane Fana, Sandviken og Arna-Bjørnar, før ho gjekk til Røa i 2012.

10. Kai Erik & Isabell Herlovsen

Kai Erik spelte for Fredrikstad og Borussia Mönchengladbach, samt for landslaget. Dottera Isabell er også sentral på landslaget, og har spelt i Kolbotn og Lyon, før ho no spelar for Lillestrøm.

Tidlegare saker:
Fedre og søner VII
Fedre og søner VI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s