Topp 10 spelarbørs, MLS – oktober


Her er Castrol Indexen si topp 10-liste over spelarar i MLS denne veka:

(I parentes finn du posisjonen i topp 10 for oppdateringa me hadde i mai)

1. Robbie Keane, LA Galaxy – 876 (-)

Iren treng vel ikkje nærare presentasjon. Har scora i omtrent annankvar kamp denne sesongen, og har også vore på utlånt i Aston Villa på vårparten.

2. Chris Wondolowski, San José Earthquakes – 852 (2)

29-åringen har spela i USA heile karrieren, og debuterte på landslaget i fjor. Har imponerande 25 mål på 30 kampar pr dags dato.

3. Alvaro Saborio, Real Salt Lake – 815 (-)

Costaricanar, som har spelt både i Sveits og England (Bristol City). Var god i Sveits, og ser ut til å virkelig ha funne forma i Real Salt Lake. Var så god i fjor, at han i år vart klubbens fyrste «designated player», dvs ein spelar som kan få høgare løn enn dei andre.

På to sesongar har han rukke å verte klubbens toppscorar gjennom tidene. (Klubben har vore med i MLS sidan 2005)

4. Alan Gordon, San José Earthquakes – 776 (-)

Ein veteran i MLS, som har vore med sidan 2004, men fyrst i år fekk han sin debut på den amerikanske landslaget, mot Antigua & Barbuda. Som dei tre over på lista, er også Gordon spiss.

5. Thierry Henry, New York Red Bulls – 771 (1)

Leia denne lista i mai. Har allereie tangert fjorårets 14 mål i serien, og er ved sidan av Beckham, seriens store profil.

6. Steven Lenhart, San José Earthquakes – 764 (8)

Også han spiss, men ikkje like målfarleg som dei over. Inne i sin andre sesong i Earthquakes, etter tre sesongar i Columbus Crew. Framleis berre 26 år, men har enno ikkje debutert for landslaget.

7. Saer Sene, New England Revolution – 762 (4)

Son av tidlegare PSG-spelar Oumar Sene, og har ei fortid på andrelaget til Bayern München. Slo aldri gjennom i Tyskland, men har scora jamnt og trutt for Revolution denne sesongen.

8. Kei Kamara, Sporting Kansas City – 736 (3)

Landslagsmann for Sierra Leone, og var innom ein del andre MLS-klubbar, før han for alvor slo gjennom i Kansas. Også han spiss.

9. Blas Perez, FC Dallas – 736 (-)

Landslagsspiss med 26 mål for Panama. Kom til Dallas før denne sesongen.

10. Fredy Montero, Seattle Sounders – 731 (-)

25-åring med landskampar for Colombia. Ein av 3 «designated players» i Seattle. Har scora meir enn 10 mål kvar sesong.

* Det kan virke ytterligare som om det er svakheiter i denne indeksen. Sist var det svært få spelarar som ikkje var spissar, denne gongen er alle dei 10 øvste spissar. Og nedover på lista finn me folk som Kenny Cooper, Danny Koevermans, Jack McInerney, Eddie Johnson, Kris Boyd og Landon Donovan, som alle også er spissar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s