"Teenage Kicks" – 2003


I februarutgåva av World Soccer, vert framtidas engelske stortalent presentert. «Dei 10 mest lovande spelarane», heitest det i artikkelen.

Eit par av dei har verkeleg slått til, medan andre har det gått så om så med.

Fyrstemann på lista er nok også den som har klart seg best i dag.

1. Wayne Rooney (den gong 17 år og i Everton)
I dag i Manchester United, og den største stjerna på det engelske landslaget.

2. James Milner (17 år, Leeds)
Vart yngste målscorar i Premier League eit par månader tidligare. I dag i Manchester City og på det engelske landslaget.

3. Michael Dawson (19 år, Nottingham Forest)
4 landskampar for England, og ofte kaptein for Tottenham, når han ikkje er skada.

4. James McEveley (18 år, Blackburn)
Stortalent, som hadde eit rykte på seg å skade mot/medspelarar. Dessverre mykje skada, og har gått nedover i gradene, og er for øyeblikket i Swindon. Under tida i Derby County, fekk han også ein dramatisk hjertestopp under ein operasjon, men kom seg tilbake på bana. 3 landskampar for Skottland, etter at han spelte på u21-nivå for England.

5. Anton Ferdinand (17 år, West Ham)
Var forventa å verte like bra som broren, men foreløpig ligg han litt unna. Mange kampar i West Ham, og Sunderland, før han kom på kant med Steve Bruce. No i QPR. U21-kampar for England, men mulig me ser han spele landslagsfotball på seniornivå for Irland eller St.Lucia.

6. Darren Fletcher (19 år, Manchester United)
Litt nede på lista den gongen, er nok mykje lenger oppe i dag. Har spelt seg til meir eller mindre fast plass på eit av dei beste laga i England, og har snart 60 landskampar for Skottland. Var ute i nesten et år med ein sjelden betennelsesjukdom, og har nettopp kome tilbake.

7. Gary O´Neil (20 år, Portsmouth)
Debuterte som 16-åring i Portsmouth, og har vore ei lengre periode i Middlesbrough. Var lenge skada etter at han kom til West Ham, men var tilbake og sentral i opprykkssesongen 2011/12. U21-kampar for England.

8. Darren Ambrose (18 år, Ipswich)
U21-kampar for England, men kan spele for Irland. Den tynne spjælingen var god i Ipswich, og vart henta til Newcastle av Sir Bobby Robson. Fekk ikkje mykje speletid der etter at Graeme Souness tok over, og gjekk til Charlton og fekk fart på karrieren igjen. Gjekk til Birmingham i sommar.

9. Michael Tonge (19 år, Sheffield United)
Spelte sju sesongar i Sheffield United, før han kom til Stoke i 2008. Har ikkje fått spele mykje der, og har stort sett vore ute på lån. Er no i Leeds. To U21-kampar for England.

10. Stefan Moore (20 år, Aston Villa)
I artikkelen vart det framheva at han scora to mål da Villa slo United i FA Youth Cup-finalen, mot blant andre Rooney. Men Moore var nok ikkje det heilt store i 2003 heller, men det tok ikkje mange år før han var ei død potet. Fekk 22 kampar for Villa, men hadde ikkje same kvalitetane som broren Luke. Var 3 sesongar i QPR, før nedturen byrja. Walsall, mislykka prøvespel i Australia, Kidderminster, Silhill 4 (fjerdelaget altså), Halesowen, og no St Neots Town, på nivå 7 i England.

5 av 10 har A-landslagskampar, men McEveley kan nok ikkje seiast å ha lukkast. Rooney, Milner, Dawson, Ferdinand og Fletcher spelar meir eller mindre fast i Premier League. O´Neil har berre vore på bana i Ligacupen denne sesongen, meda Ambrose og Tonge klarer seg OK på i Championship. Og Moore spelar jo på nivå 7.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s