Stova tippar Championship


Me køyrer på med eit skudd i blinde omkring Championsship også.

Den nystarta tradisjonen tru, så startar me i bånn

24. MILLWALL
Ein svak stall som ikkje har vorte særleg styrka i sommar. Trur nok det vert nedrykk denne sesongen.

23. PETERBOROUGH
Ferguson jr har ein tung jobb med å halde dette laget i Championship, og me trur han må gi tapt. Svak stall, og nykomarane kjem stort sett frå lavara divisjonar, eller reservelaga til konkurrentane.

22. BRISTOL CITY
Ser ut til å ha vorte litt forsterka i sommar, men laget held nok ikkje eit høgt nok nivå til å unngå nedrykksdumpa denne sesongen.

21. CRYSTAL PALACE
Liten og tynn stall, ikkje veldig forsterka frå i fjor. Ramage og Ward i forsvaret er positive tilvekster, men Clyne er ute.

20. IPSWICH
Uten manager Paul Jewell, ville me plassert dei lenger nede på lista. Men han gjort gull av gråstein tidlegare, og kan kanskje gjere det igjen. Dårlig økonomi har ført til at det er mykje ungt i traktorland, men dermed også lite rutine. Trur det vert ein tøff sesong, men at Ipswich klarer å halde plassen.

19. WATFORD
Hornets har vorte kjøpt opp av eit firma som eig både Udinese og Grenada i Spania, og no sender dei ein masse spelarar på lån på tvers av klubbane. I tillegg er Zola manager. Og som om ikkje det er nok, så har dei ein spiss som heiter Britt. Me har ikkje trua på det.

18. BARNSLEY
Har gjort solide forsterkningar sidan sist, og ser på papiret ut som eit lag som kan gå klar av nedrykksstrida. Så spørs det om Mido og Harewood kan holde dette nivået framleis. Trur det vert tøft.
17. SHEFFIELD WEDNESDAY
Har fått inn sterke spelarar bakover, i Kirkland, Gardner og den heimvende sonen Joe Mattock. Vil nok verte ein tung sesong, men me trur dei til slutt landar på rett side av nedrykksstreken. Mulig dei hentar inn fleire før vinduet stenger.

16. DERBY
Stallen ser på papiret veldig svak ut, og nykomarane er anonyme. Men Clough er ein luring, og kan fort overraske. Men vil uansett ikkje kome over midten av tabellen. Heller nok meir mot botnen.

15. CHARLTON

Gode i fjorårets opprykkssesong, med yngstebror Wrigt-Phillips i front. Ganske ung stall, som er i medvind etter opprykket og kan kanskje verte ein av overraskingane i år. Spennande manager i Chris Powell, men trur ein må forvente seg ein plass på nedre del av tabellen.

14. HUDDERSFIELD
Det av opprykkslaga som virkar sterkast. God manager i Grayson, ein av dei mest ettertrakta spissane i skotske Rhodes, og spennande nykomarar i blant andre Scannell, Southern, Norwood og Clayton.

13. BLACKPOOL
Greide ikkje å returnere på fyrste forsøk, og i år ser stallen endå tynnare ut enn i fjor. God midtbane. Dei heilt store forsterkningane manglar, og stjernespissen er snart 40 år.

12. HULL
Steve Bruce skal vise at han kan jobbe seg opp denne gongen. Har henta inn sonen Alex, for n´te gong i karrieren, samt tidlegare Molde- og Manchester United-keeper Amos. I tillegg finn me dei to tidlegare Tippeligaprofilane Koren og Olofinjana på midtbana her. Tvilsomt nytt spisspar i Aluko, som kom frå Rangers, og ein ukjend tysker frå lavare divisjonar.

11. BLACKBURN
Dei sentrale spelarane holdt ikkje PL-nivå sist, og no spørs det om dei held nivået i Championsship. Danny Murphy er solid, men laget virkar tamt framover. Kanskje eit av dei beste forsvara i divisjonen, men det endar nok i skuffelse igjen.

10. BURNLEY
Vil gjerne tilbake til PL så fort som mulig, og har ein god og brei stall, men neppe sterk nok til å kjempe om opprykket. Kan kanskje klare Play-off. Spennande manager i Eddie Howe.

9. LEICESTER
Bookmakerfavorittar til å rykke opp, og sjølv om Nigel Pearson har henta inn mykje nytt, er me ikkje heilt sikre på om bunnivået i Leicester er høgt nok. Trur det kan verte tøft, med såpass mange opprykkskandidatar om beinet. 

8. BOLTON
Ikkje kjempesvekka frå fjoråret. Men heller ikkje forsterka. Trur ikkje det held til opprykk denne sesongen, sjølv om Owen Coyle har gjort underligare ting før.

7. NOTTINGHAM
Mykje pengar har kome til før denne sesongen, og ein del forsterkningar, som Harding, Cox og Halford. Og fleire vert det nok. Mange trur Forest kjem til å vere blant dei heilt store opprykkskandidatane i år, og me er ikkje heilt framande for tanken.

6. CARDIFF
Eit godt offensivt lag, men spørs om dei er solide nok bakover til å vere heilt i toppen. Tippar det vert mykje mål i kampane deira denne sesongen. Mykje pengar, men ein del uro også. Skifta frå blå til raude drakter før sesongen.

5. MIDDLESBROUGH
Stor bredde, mykje eigenprodusert talent. Litt som med Leicester, så er det spørsmål om kvar botnnivået ligg. Har hatt ein tendens til å skuffe i litt for mange kampar. 

4. BRIGHTON

Overraska i fjor, med solid spel, og har henta inn Kuszczak frå United, Crofts frå Norwich og Bridge frå Manchester City. Vert ikkje overraska om laget frå badebyen vert å finne i playoff-sona gjennom heile sesongen.

3. WOLVERHAMPTON
Solid manager inn, mesteparten av stallen i behold, sjølv om Fletcher no kanskje stikk. Trur det kan verte opprykk, men muligens må dei via Play-off.

2. BIRMINGHAM
Englands nye landslagskeeper mellom stengene, eit forholdsvis solid forsvar, ei offensiv midtbane og spissar som kan score mål. Sånt luktar det i alle fall play-off av.

1. LEEDS
Ei solid blanding av rutine og talent, med gode spelarar i alle ledd. Minuset er kanskje at stallen virkar litt liten, spesielt på midtbana. Trur det luktar opprykk av dei kvite i år.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s