Stova tippar Premier League


Som alle andre, så vil me også gjerne vere med å spå utfallet av den nye Premier League-sesongen.

Me byrjar i botnen, med dei tre me trur kjem til å måtte ta steget ned.

20. WIGAN
Ein spennande nykomar i Arouna Kone, i alle fall om det hadde vore for 5-6 år sidan. Men det er tynt, og etter mange sesongar på kanten av stupet, reknar me med at dei tek turen ned i år.

19. SWANSEA
Eit par spelarar frå spansk og italiensk fotball, blant anna Jonathan de Guzman, som det for nokre år sidan vart knytt høge forventingar til. Men med Sigurdsson og Allen ute, kan det verte eit tungt år. Sinclair er i klubben enn så lenge, men kan også fort forsvinne før overgongsvindauget stenger. Trur ikkje Michael Laudrup er mannen som kan berge Swansea i den vanskelege andresesongen.

18. READING

Trur dei vil få det tøft, sjølv om dei har fått inn gode erstattarar med erfaring frå høgste nivå. Duoen Gunter/McCleary frå Nottingham er spennande, og Pogrebnyak kan verte ein hit. Me likar at Ian Harte framleis kjempar om fast plass på eit Premier League-lag. Men det vert nok snarlig retur til divisjonen under.

17. FULHAM
Spennande spissar i Rodallega og Petric, men Dempsey og muligens også Dembélé, er på vei ut, og me trur dette vert ein svært vanskelig sesong for Martin Jol og gjengen. Har vel den soleklart eldste fyrsteellevaren i PL. Kan fort vere at Fulham rykker ned.

16. WEST BROMWICH
Ben Foster i mål, samt spissane Lukaku og Rosenberg virkar som forbedringar, men stallen virkar litt tynn. Er nok avhengige av stang-inn på heimebane om dei skal klare seg. 

15. WEST HAM
Eit par spennande folk inn, i Diarra, Maiga og Diame, i tillegg til litt talent frå før. Folk som Collison, Noble og Nolan held eit bra Premier League-nivå. Vert spennande å sjå om gamle Jääskeläinen får ein ny vår.

14. SOUTHAMPTON
Nøktern og god manager, mykje ungt og lovande, og tre gode nysigneringar i Rodriguez, Davis og Clyne, og det ryktast at fleire kan vere på vei. Trur Southampton, saman med West Ham, vil vise seg gode nok til å halde plassen.

13. NORWICH
Bygger framleis nøkternt, før den vanskelige andresesongen. Men det virkar som fire svært fornuftige signeringar i Snoddgrass, Turner, Whittaker og Butterfield. Men sjølv om me har sansen for Chris Hughton, så trur me nok at nedrykksspøkelset kan herje litt på Carrow Road.

12. STOKE
Litt usikre på nykomarane her, men Pulis er ein mann som brukar å vite kva han gjer. Kvalitet i alle ledd, men manglar det vesle ekstra som gjer at dei kan drøyme om noko bedre å vere middelhavsfararar, og i verste fall nedrykkskandidatar.

11. ASTON VILLA
Ikkje nevneverdig styrka frå i fjor, bortsett frå på managerplassen. Virkar litt tynt i fleire posisjonar, og er litt skadeutsatte i starten av sesongen. Spørs om mykje av vekta kjem på litt for unge skuldre, i år som i fjor. Saman med Paul Lambert, er nok stopparen Vlaar den einaste skikkelige forbedringa frå i fjor. Lowton har virka bra i treningskampane.

10. EVERTON
David Moyes har trylla med Everton i fleire sesongar, men no trur me at det byrjar å verte tungt. Fekk Pienaar tilbake for meir enn dei selde han for, og Cahill har reist til New York. Barkley er spennande, men stallen ser tynn ut, spesielt framover. Vert spennande å sjå om Naismith kan finne tonen med Jelavic igjen, når Rangers-duoen no vert samla igjen.

9. QPR
Eit lag me trudde skulle ryke i fjor, men som er umulig å ikkje ha trua på i år, når ein ser kva spelarar som har kome inn. Ikkje berre fordums storheiter som Andy Johnson og Ryan Nelsen, men landslagskeeper Robert Green, den solide Park og stortalenta Fabio og Hoilett. I tillegg er jo også folk som Wright-Phillips, Zamora, Cisse, Taarabt, Onuoha og Ferdinand her frå sist sesong.

8. NEWCASTLE
Ein solid stall frå sist sesong, men kanskje den klubben som har forsterka seg minst i sommarpausen? Til tider festfotball framover i fjor, med solid keeper og godt forsvar. Men skal dei vere med å kjempe om plass i Europa, så må det nok eit par forsterkningar til.

7. LIVERPOOL
Spennande ny manager, og det er nok viktigare enn nye spelarkjøp. Liverpool har hatt masse kvalitet i spelargruppa i fleire sesongar, men feila gong etter gong. Det har ikkje nytta å kjøpe seg ut av elendigheita, men med Rodgers trur med dei raude har ein manager som kan gjere veldig god nytte av dei spelarane han har tilgjengelig.

6. SUNDERLAND

Har etter vår meining ein av dei aller beste managerane i Storbritannia dei siste åra. Og no har han fått ei heil oppkøyring til å finstille laget sitt. Sjølv om berre O´Neills gamle elev Cuellar, og Louis Saha er dei einaste nykomarane så langt, så har laget ei solid stamme frå i fjor. Forsvaret som me var litt skuffa over i fjor, trur me kjem til sin rett i år, og med folk kom McClean, Sessegnon og Campbell framover, kan det verte spennande.

5. TOTTENHAM
Det mest spennande her vert vel å sjå om Villas-Boas endelig kan sette sitt preg på Premier League. Modric ute, Vertonghen og Sigurdsson inne. Eit godt lag, med mykje talent og guts, men lurer på kven som skal score måla?

4. ARSENAL
Synd med van Persie, men fekk gode pengar for han, og har allereie førebudd seg på at han stakk, ved å hente inn Podolski og Giroud. Før han forsvann, såg dette ut til å kunne verte ein kanonsesong for Gunners, no ser det litt tyngre ut. Er avhengig av å unngå denne tunge perioda dei har fått ein gong i løpet av kvar av dei siste sesongane. Meir bestemte posisjonar for spelarane, og litt mindre «poteter» ser også ut til å hjelpe.

3. CHELSEA
Sterke nysigneringar, tre stortalent i Hazard, Marin og Oscar. Ein solid manager. Me trur det held til medalje, men med litt flaks, kan alle dei tre i toppen her, vinne PL.

2. MANCHESTER UNITED
Ingen tvil om at dei vil vere med å kjempe om medaljene i år igjen. van Persie og Kagawa er solide forsterkningar til eit ellers sterkt lag. Men me trur laget til Mancini vert hakket for sterke for United denne sesongen også.

1. MANCHESTER CITY
Vann i fjor, og ser ingen grunn til at dei ikkje skal greie det på nytt. Gjorde det litt for spennande på slutten sist, men har ein stall som ingen av dei andre laga i PL kan vise til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s