Fyrstegongsvinnarar i Europeisk liga


I mai vann Montpellier overraskande ligaen i Frankrike, og sjølv om dei har vore med i seriesystemet i årevis, var dette fyrste gongen Montpellier vann serien. Det same skjedde i Danmark, der Nordsjælland kneip seriemeisterskapet frå FC København heilt på tampen.

Ein rask gjennomgong av dei største ligaene i Europa, viser at me faktisk ikkje treng å gå så veldig langt tilbake for å finne eit lag som har vunne serien for fyrste gong, i nokon av landa. Faktisk er det i England me må lengst tilbake i tid, der Nottingham Forest vann for fyrste gong i sesongen 1978/79.

Her følger ei kjapp oversikt:

Hausten 2011 vinn Molde sitt fyrste seriemeisterskap i Norge. (Stabæk vann og for fyrste gong, ikkje så mykje tidlegare.)
I 2010/11 vinn Rosenborg sin overmann frå CL-kvaliken same året, Viktoria Plzen, for fyrste gong i den tsjekkiske Gambrinus Liga. Same år vinn også Otelul Galati sitt fyrste seriemeisterskap i Romania.
I 2009/10 vinn Twente serien for fyrste gong i Nederland, og Bursaspor vinn for fyrste gong i Tyrkia.
I 2008/09 vinn Wolfsburg sitt fyrste seriemesterskap i Tyskland.
Hausten 2008, før Russland gjekk over til vintersesong, vann Rubin Kazan serien for fyrste gong. Samstundes vann Kalmar serien i Sverige for fyrste gong.
I 2003/04 vinn Grazer AK for fyrste gong i Austerrike og i 2000/01 vinn Boavista for fyrste gong i Portugal.
I 1999/2000 vinn Deportivo La Coruna for fyrste gong i Spania, og ein sesong tidlegare, i 1998/99 vinn Genk for fyrste gong i Belgia. Dei har sidan den gong vunne to gongar til.
I 1991/92 vinn Sion serien i Sveits for fyrste gong, berre eit par år etter at Luzern vann for fyrste og einaste gong. Sesongen før, i 1990/91 vinn Sampdoria for fyrste gong i Italia.
I 1987/88 vann Larissa for fyrste gong i Hellas.
I Skottland vinn Dundee United serien for fyrste og hittil einaste gong i 1982/83-sesongen.
Så, heilt tilbake i 1978/79 vinn Nottingham Forest for fyrste gong i England.
* Me har unngått ”nye ” land her, men det må nevnast at i Ukraina, som vert rangert som den 8. beste ligaen i Europa, vann Shakhtar Donetsk for fyrste gong i 2001/02, og har vunne 7 gongar siden det. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s