Draktfargebytte i Premier League


Sist veke skreiv me om Cardiff, som er i ferd med å bytte frå blå til raude drakter, og om andre klubbar i Championship som har gjort det samme.

Også blant Premier League-klubbane er det somme som har skifta draktfarge i «moderne» tid, sjølv om me skal litt lenger tilbake enn det me måtte på nivå 2. Sist ute var Wigan, som fram til 1939 spelte i raude og kvite vertikaldelte (som Blackburn) drakter.

Manchester United (frå 1922) og Norwich (frå 1923) spelte fram til 1927 i kvite drakter. Manchester United hadde før den tid spelt ein del i grønt, som muligens er den minst vanlege draktfargen i det engelske ligasystemet.

QPR hadde fram til 1925 kvite og grøne striper, sånn som reservedraktene nyleg var.

Og Chelsea spelte fram til 1920 i lysegrønt. Fulham hadde i 1900/01-sesongen raude og kvite drakter som minna veldig om dei Arsenal har i dag.

Reading, Southampton, Swansea og West Ham, derimot, har aldri hatt andre draktfargar enn dei som vert brukt i dag, i ein eller annan kombinasjon. Mest restriktive har nok Swansea vore, som alltid har spelt i kvitt.

Kilde: Wikipedia & Historicalkits.co.uk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s