Cardiff i nye fargar


Cardiff City, som har spelt i blå drakter sidan 1908, og har kallenamnet Bluebirds, skal no spele i raude drakter. Det er dei asiatiske eigarane som har bestemt dette, fordi dei meiner at raudt er ein mykje meir lykkebringande farge enn blått. Dei håper derfor at med ein ny farge, så skal laget endelig klare opprykk til Premier League.

Det er ganske sjeldan at lag endrar farge, i alle fall i nyare tid, på grunn av tradisjon og klubbidentitet. Men likevel skjer det.

Det siste laget som spelte i ein uvanleg farge på nivå 2 i England, var Crystal Palace, som i 2008/09-sesongen spelte med kvite drakter, med ei raud og blå skråstripe på. Laget spelte også i disse draktene før 1987. Kanskje ikkje den mest radikale endringa, sidan raudt og blått var representert, men likevel ikkje klubbfargen.

Det høyrer med til historia at Crystal Palace i sesongen 1963/64 spelte i gult. Dette var eigentleg bortedraktene, men sidan klubben hadde fått så gode resultat i dei draktene tidleg i sesongen, brukte dei draktene som heimedrakter på slutten av sesongen. Usikkert om dei brakte klubben så mykje meir hell, for neste sesong var dei i alle fall borte igjen.

Andre klubbar som har skifta fargar i nyare tid, i Championship:

Millwall – Spelte i kvitt mellom 1999 og 2001, og også fleire sesongar på 60- og 70-talet.
Leicester City – Spelte i kvitt i 1972/73-sesongen.
Leeds United – Spelte i blått mellom 1959 og 1961.
Watford – Hadde blå drakter mellom 1938 og 1959.
Hull City – Spelte i lyseblått i 1946/47
Burnley – Spelte i kvitt frå 1935 til 1940.
Blackpool – Hadde mørkeblå og lyseblå striper frå 1933 til 1938.
Peterborough United – Spelte i grønt mellom 1934 og 1937.
Charlton Athletic – Hadde mørkeblå og lyseblå striper i 1923/24-sesongen. Hadde også kvitt frå 1964-66, men det ikkje så store endringar, sidan raudt og kvitt går igjen i klubbfargane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s