Utlendingar i EM-troppane


No er det jo ikkje slik at ein kan ha utlendingar i troppane sine, men det er ikkje alle spelarane som er fødde i landet dei representerar.

Det kjem neppe som noko overrasking på nokon, kven som toppar lista:

(Spelarane er forøvrig sorterte etter draktnummeret sitt)

Irland (8):

Sean St. Ledger, forsvar, er fødd i England, men kvalifiserer for spel for Irland gjennom ein irsk bestefar. Som for så mange andre engelskmenn som ser at dei ikkje har ein sjanse i havet på landslagsspel, kan ein utanlandsk familiemedlem, gjerne irsk, vere ei redning. Som for mange av disse under her.

Jonathan Walters, midtbane, er fødd i England, men har ei mor som er fødd i Irland.

Aiden McGeady, midtbane, er fødd i Skottland, med irske besteforeldre.

Darron Gibson, midtbane. Er fødd i Nord Irland, men på grunn av The Good Friday Agreement, er det sånn at alle som er fødde på den irske øya, det vil seie Irland eller Nord Irland, har muligheit til å vere irske statsborgarar, i staden for britiske, om dei ønsker det. Gibson har ungdomskampar for Nord Irland, men har representert Irland sidan U21-nivået.

Keiren Westwood, keeper. Fødd i Manchester, England, med irske besteforeldre.

Simon Cox, spiss, fødd i England, med irsk bestemor.

Paul Green, midtbane. Har ein irsk morfar.

James McClean, midtbane. Også han frå Derry, Nord Irland, same by som Gibson. Representerte Nord Irland på U21-nivå, og måtte derfor ha tillatelse frå FIFA for å skifte landslag. Men, som nordire, kan han altså vere irsk statsborgar om han vil.

Kroatia (6):

Josip Simunic, forsvar. Fødd i Australia, med bosnisk-kroatiske foreldre. Takka nei til Australia, og ville heller spele for fødelandet til foreldra.

Vedran Corluka, forsvar. Som dei fleste andre i troppen, fødd i det tidlegare Jugoslavia, men Corluka var fødd i det som i dag er Bosnia.

Ivan Rakitic, midtbane. Fødd i Sveits, med kroatiske foreldre. Representerte Sveits i nokre U21-kampar, men ville heller spele for Kroatia.

Nikica Jelavic, angrep. Som Corluka, er Jelavic også fødd i det som i dag er Bosnia.

Ivo Ilicevic, midtbane. Fødd i Tyskland, med bosnisk-kroatiske foreldre. Har aldri representert Tyskland på noko nivå.
Eduardo, midtbane. Fødd i Rio i Brasil, men kom til Dinamo Zagreb som ungdomsspelar allereie i 1998, og spelte der fram til 2007. Fekk statsborgarskap i 2002.
Ukraina (4):
Oleksander Aliyev, midtbane, er fødd heilt aust i Russland.
Andriy Yarmolenko, angrep, er fødd i St.Petersburg i det som no er Russland
Artem Milevskiy, angrep. Fødd i Kviterussland, og representerte også dei på U16-nivå, før han valde å skifte nasjonalitet.
Marko Devic (Devych på Ukrainsk), angrep. Fødd i serbiske Beograd, den gong i Jugoslavia. Kom til ukrainsk fotball i 2005, og fekk statsborgarskap i 2008, i håp om landslagsspel. Debuterte same år.

* Dei andre spelarane er fødde enten i Sovjetunionen eller Sambandet av Uavhengige Statar (SUS), men då i den delen som i dag er Ukraina.

Hellas (3):
 
Avraam Papadopoulos, forsvar, fødd i Melbourne, Australia, med greske foreldre, og har spelt heile sin karriere i Hellas.
Sotiris Ninis, midtbane. Mannen som for eit par år sidan vart sett på som eit av dei aller største talenta i europeisk fotball, vart fødd i Albania, men har greske foreldre.

José Holebas, forsvar. Fødd i det som den gong heite Vest-Tyskland, men har gresk mor og far frå Uruguay. Men fekk ikkje sitt greske pass før så seint som i november i fjor.

Portugal (3):
Pepe, forsvar. Real Madrid-spelaren er fødd i Brasil. Vart portugisisk statsborgar i 2007, etter å ha spelt i portugisiske klubbar sidan 2001.
Rolando, forsvar. Fødd på Kapp Verde. Kom til Portugal når han var 14, og fekk portugisisk pass i 2006.
Nani, midtbane. Også han fødd på Kapp Verde, men kom med familien til Portugal som barn.
Polen (2):



Ludovic Obraniak, midtbane, er fødd i Frankrike, og representerte Frankrike på U21-nivå i 2004, i ein kamp. Likevel søkte han seinare om å få representere Polen, der bestefaren hans kom frå. Dette var ikkje noko problem, og frå 2009 har han vore polsk statsborgar.

Damien Perquis, forsvar, er også fødd og oppvaken i Frankrike, og har representert Frankrike i U21-kampar. Gjennom ei polsk bestemor, fekk han polsk statsborgarskap i 2011.

* Både Phil Jagielka frå England og Laurent Koscielny frå Frankrike har familie frå Polen, og kunne spelt for dei. Sistnemnde vurderte også i følge wikipedia, så seint som i 2010, å endre statsborgarskap.

Tyskland (2): 
Lukas Podolski, spiss. Fødd i Polen. Flytta til Tyskland når han var 2 år. Har tyske besteforeldre.
Miroslav Klose, spiss, også fødd i Polen. Mora var handballspelar og faren fotballspelar som hadde ei periode i Auxerre. Faren var av tysk avstamning, og familia flytta til Tyskland når Klose var 7 år.

* Tyske Marcel Schmelzer er den einaste i den tyske troppen som vart fødd i det som den gong heite Aust-Tyskland.

Sverige (2):
Behrang Safari, forsvar. Fødd i Iran, men kom til Sverige med familien som toåring.
Emir Bajrami, forsvar. Fødd i Kosovo, i det tidligare Jugoslavia. Kom til Sverige som 4-åring.
Frankrike (2):
Patrice Evra, forsvar. Fødd i Senegal, men kom til Frankrike når han var eit år gammal.
Steve Mandanda, keeper. Er fødd i Kinshasa, i det som den gong var Zaire, i dag den demokratiske republikken Kongo.
Florent Malouda er fødd i Fransk Guyana, som eigentleg ligg under Frankrike, og dermed ikkje tel her.
Nederland (1):

Luuk de Jong, angrep. Fødd i Sveits, og budde der til han var 4 år, då begge foreldra var profesjonelle volleyballspelarar, og spelte for sveitsiske klubbar. Broren Siem, også fødd i Sveits, kom ikkje med i troppen.

Suriname, som har vore ein fast leverandør til det nederlandske landslaget, har ingen spelarar med denne gongen. Edson Braafheid, frå Hoffenheim, var den siste som var fødd i Suriname og spelte for Nederland, men han kom ikkje med i troppen.

Danmark (1): 

Jores Okore, forsvar, fødd i Elfenbeinskysten, kom til Danmark når han var 3 år.

 

Andreas Bjelland, i den danske troppen, har norsk far, og kunne dermed spelt for Norge.

Italia (1):


Thiago Motta, midtbane, er opprinnelig frå Brasil, men av italiensk herkomst. Det litt spesielle i Motta sitt tilfelle, er at han spelte Gold Cup for Brasil. Sjølv om det var eit U23-lag, så er kampane tellande, og han måtte få spesialtillatelse frå FIFA for å spele for Italia. Dette er ei veldig sjelden sak, og Thiago Motta er ein av svært få spelarar i nyare tid, som har registrert offisielle landskampar for to land. Før i tida var det meir vanleg, og spelarar som Puskas og Di Stefano spelte for eksempel for to land.

Og resten:

* Russland, Tsjekkia, Spania og England har altså berre spelarar som er fødde i landet.

** Russland, som har flest spelarar fødd i same by, Moskva, har også Alan Dzagoev, som er fødd i Beslan, i Nord-Ossetia, som gjerne vil rive seg lause frå Russland, men enn så lenge høyrer til moderskipet.

*** Dei russiske og tsjekkiske spelarane er fødde i henholdsvis Sovjetunionen og Tsjekkoslovakia

**** Spanske David Silva og Pedro kjem frå kanariøyane. Silva frå Arguineguin på Gran Canaria, eit ynda mål for norske psoriasispasientar, og Pedro frå Tenerife.

***** Cristiano Ronaldo er fødd på Madeira, ei portugisisk øy, eit stykke frå fastlandet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s