Litt EM-snacks


Her er litt EM-smågodt for nerdane der ute, samla frå diverse informasjonskanalar på nettet.

Moskva er den byen der flest av spelarane i årets EM er fødde. Heile 11 spelarar er fødde i den russiske hovudstaden.

England er det einaste laget som berre har spelarar frå heimleg liga i troppen sin.

Irland er det einaste laget som ikkje har ein einaste spelar frå heimleg liga med.

Robbie Keane (LA Galaxy) og Christian Wilhelmsson (Al-Hilal) er dei einaste to spelarane i EM som ikkje spelar klubbfotball i Europa.

Iker Casillas er fem kampar frå å ha vunne 100 landskampar i sin karriere. Det er meir enn nokon annan i verda.

Bayern München har 13 spelarar med i årets mesterskap. Det er meir enn nokon anna klubb.

Det er 7 tenåringar med i årets EM. Frå yngst til eldst: Willems (NED), Oxlade-Chamberlain & Butland (ENG), Koval (UKR), Wolski (POL), Fortounis (HEL) og Okore (DAN).

Den engelske serien er den som har flest spelarar i EM. Heile 79 spelarar, 8 av dei frå Championship, er med i meisterskapen.

Tyskland sender sitt yngste mannskap nokon gong, til EM. 24 år og 358 dagar er snittalderen på laget på åpningsdagen. Berre VM-laget til Tyskland i 1934 var yngre, med 24 år og 151 dagar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s