Cherno Samba i Norge


Kanskje den største CM-helten av dei alle, Cherno Samba, har hatt ein nedgåande karrierekurve, etter at overgongen til Liverpool aldri vart noko av. Men etter fleire år rundt om i Europa, så enda faktisk Samba opp i Norge før denne sesongen.

Han spelar i FK Tønsberg, i 2.divisjon (oddsenligaen), og sjølv om han stod over fyrste kampen, har han spelt stort sett fast så langt.

Det fyrst målet kom i heimekampen mot Nybergsund i fjerde runde, der Samba vart matchvinnar med eit straffemål etter 10 minutt. I runda etter kom det fyrste spelemålet, i 1-2-tapet for Fram Larvik.

For øyeblikket er Cherno Samba, i følge nettsida til klubben, i Gambia for å spele landskampar, og går dermed glipp av nokre kampar framover mot midten av juni.

Så langt har det altså vorte 4 av 6 kampar, og 2 mål i serien.

Er du i nærheita av nokon av disse stadene, er sjanse til å oppleve Samba i levande live:

Fyrstkomande laurdag, 26.mai, spelar Tønsberg bort mot Vålerenga 2, i Valhall i Oslo, i følge terminlista. Litt rart om ein kamp vert spelt innandørs i slutten av mai, men det er mulig det vert endra.

3. & 16. juni og 14. & 28. juli er det heimekampar i Tønsberg.

9. juni – borte mot Valdres
23. juni – borte mot Elverum
21. juli – borte mot Lillehammer
5.august – borte mot Raufoss
18. august – borte mot Nybergsund
3. september – borte mot Strømsgodset 2
16. september – borte mot Ørn Horten
29. september – borte mot Grorud
13. oktober – borte mot Birkebeineren

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s