Dei beste bortedraktene i EM


No er det jo også slik at det ikkje berre er fyrstedraktene som står ut i eit slikt mesterskap. Her er nokre av dei me likar aller best. 
Tyskland
Me startar med den beste. Denne tyske bortedrakta er relativt lik den som vart brukt på 80-talet.

Ta vekk stripene som stoppar før dei når heilt ned på ermet, og sett på den gamle logoen til Adidas, så kunne du lurt dei fleste til å tru at denne faktisk vart brukt den gongen.

Ein moderne klassikar.

Eit tal på magen vil sjølvsagt øydelegge litt av retrostilen, men likevel. Spørsmålet er vel om me får sett denne drakta noko særlig. I alle fall ikkje før i

Sverige

Bortedrakta til Sverige gir assosiasjonar til Boca Juniors, samtidig som den er retro og stilig.

Får krysse fingrane for at det er Sverige som må bruke bortedrakt i kampen mot Ukraina, så me får sjå denne i kamp i sommar.

På løpande band her ser du bortedrakta til Frankrike, som kanskje har litt mindre Jean-Paul Gauthier-kjensle enn den forrige, men framleis er ganske stilig og stilrein.

Så har me Nederland si, som er heilsvart, med ein oransj bit akkurat rundt Nike-logoen. Hadde det vore den engelske drakta, kunne ein ha mistenkt det for å vere snikreklame for telefonselskapet Orange.

Her er tre andre kvite bortedrakter.

Irland stiller også i retroklassa her, med ei smaragdgrøn stripe på den venstre sida. Igjen, talet på magen er reklame for eit teleselskap, så det kjem ikkje til å vere med i mesterskapet.

Så er det Italia, som har ei brei blå stripe over brystet.

Til slutt i den heiltkvite bonanzaen, har me Portugal, som stiller med eit diger kors over heile drakta, i raudt og grønt. Enkelt og stilig, og svært uvanleg for ei landslagsdrakt.

Ideen er trekt ut frå forbundslogoen deira.

Kroatia sine bortedrakter har ofte vore mørkeblå, med litt av det raude og kvite rutemønsteret, og i år er ikkje noko unntak.

Denne gongen er det berre det øverste hjørnet til venstre som er pryda av rutemønsteret.

Heilt til slutt er det Spania, som i år stiller i ei bortedrakt som minner veldig om keeperdrakta Casillas har brukt tidligare.

Lyseblå, med litt mørkare stripe over brystet. Ganske spesielt, og litt underlig å sjå Xavi stå modell for den på lanseringa.

Men det er vel den einaste lyseblå drakta i årets mesterskap, siden Nederland ikkje har lyseblått på reservedrakta i år.

2 comments

  1. Morsomt at ein nemner Boca Juniors drakter i same åndedrag som Sveriges. Det seiast at Boca i 1906 spelte ein kamp mot eit anna lag om retten til å bruke særskilde fargar på draktene. Dei tapte kampen, og det vart avgjort at dei skulle bruke fargane på flagget til det første skipet som segla inn i havna, La Boca. Skipet hadde svensk flagg og resten er som dei seier, historie.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s