EM-draktene, gruppe D


Og så var det draktene frå siste gruppe.

Ukraina


Det andre arrangørlandet stiller i disse Adidasdraktene. Skjønar ikkje heilt greia med disse randene over magen.

Det er ein annan blåfarge og gulfarge, og har eit mønster mellom stripene. Gir litt bunadskjensla her, mulig det er noko tradisjonelt Ukrainsk dette her.

Talet kjem vel også mellom disse stripene. Kjem nok ikkje til å vinne noken kåringar om den finaste drakta i EM.

Sverige

Nei, skulle ein teke dei to einaste laga med gule drakte og sett dei i samme gruppe då? Vart nok ikkje teke så mykje hensyn til det, men uansett stiller også Sverige i sine vanlege gule drakter.

Eller, vanlege og vanlege. Disse draktene her, frå Umbro, er kanskje dei stiligaste draktene me har sett svenskane i nokon gong. Ein kandidat til årets drakt i EM.

Frankrike

Frankrike held fram stilen med drakter som står litt ut.

Som den forrige drakta deira, så minner denne kanskje meir om ei piquetskjorte enn ei fotballdrakt, men det gjer den ikkje mindre stilig.

Vert spennande å sjå om andre land tek opp denne stilen til Nike.

England

England stiller i retrodrakt frå Umbro.

Vekk med det blå som Englandsdrakta er kjend for, og inn med det raude.

Litt av dillet frå den forrige drakta er vekke, og FA har teke med fansen på å bestemme korleis den nye drakta skulle sjå ut.

I år skal den også symbolisere fargane frå St. Georges Cross, altså dei i det engelske flagget.

 

Kommenter innlegget