EM-draktene, gruppe C


Og er er draktene til laga i gruppe C

Spania

Dei klassiske kongeraude draktene frå regjerande mester er som alltid stilfulle.

Skråstriper på brystet, og stort sett greie. Men er ikkje så veldig fan av disse ermane, der stripene stoppar og ikkje går heilt ned. Same som me ser på dei fleste klubbdraktene, og også på landslagsdraktene, men her har me også noko blått som gjer skiljet mykje tydeligare enn for eksempel på den tyske drakta.

Italia

Pumadrakter, og ikkje den finaste Italiadrakta me har sett. Dei azurblå har stort sett storslagne drakter, men denne her, med ein litt underleg krage, og v-forma mønster over heile drakta, veit me ikkje heilt kva ein skal seie om.

Og Pumamerka på skuldrene kunne ein godt vore foruten.

Irland

Her kjem fyrste drakt frå Umbro. Har også ein veldig retro stil, med striper og ein relativt stor forbundslogo.

Tretalet på magen er ikkje med, sjølv om det hadde vore kult om nummera kom i denne stilen.

Her er det eit eksempel på at krage på drakta ikkje ser så gale ut.

Kroatia

Ei drakt me føler me har sett i årevis tidligare, og godt er det.

Raude og kvite striper, ein forbundslogo og eit Nike-merke. Ikkje noko meir å seie om den saka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s