EM-draktene, gruppe B


Her er draktene frå Gruppe B

Nederland

Nederland har hatt mange flotte drakter dei siste sesongane, og i år er det eit litt meir moderne uttrykk på draktene. Laga av Nike, med litt mørkare oransje område på drakta. Også her kjem det eit nummer på fronten, midt mellom dei mørke felta.

Men til forskjell frå tidlegare, så er det ikkje noko kvitt på drakta i år, men berre oransje og svart. Noko som gjer at heile drakta får eit litt mørkare preg. Også tala er svarte, så litt av den freshe looken som dei kvite bitane har gitt før, manglar kanskje litt no.

Portugal

Heilt enkel og grei, og noko retro, drakt. Raud med grøne element, og kvit Nike-logo.

Kanskje ei av dei mest tidlause draktene i årets turnering, og kanskje også ei av dei finaste heimedraktene.

Danmark

Danmark si drakt har ein litt ny utsjånad denne gongen.

Ein kan vel seie at den også er litt retro, men der andre retrodrakter ofte går tilbake til 50, 60 eller 70-talet, så er vel Danmark si meir på 90-talet, eit årtie der fotballdraktene såg like lite bra ut som alle andre klede.

Adidas har laga den, og det er breie kvite skuldre, med svarte Adidasstriper. Veldig underlige drakter, har til og med 90-talskragen, for å gjere det komplett.

Tyskland

Tyskland har tynne skråstriper i svart, raudt og gult på drakta denne gongen. Sjølvsagt i Adidas, med kvitt og svart som dei sentrale fargane.

Kan sjå ut som om Tyskland er det einaste laget som ikkje får brukt bortedraktene sine, noko som er synd, for dei er kanskje dei aller stiligaste i heile meisterskapet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s