EM-draktene, gruppe A


EM i Polen og Ukraina nærmar seg, og sjølv om fleire no snakkar om å boikotte den ukrainske delen, så vert det nok mesterskap uansett.

Alle landa presenterer nye drakter til mesterskapet, og dei tek me for oss her. Me startar med gruppe A.

Polen

Polen sine kvite drakter kjem frå Nike, og er ikkje så verst. I fylgje wikipedia har draktene ikkje vore endra sida 1921, men den breie raude stripa har ikkje vore der så lenge. Men kvitt og raudt er Polen, ingen tvil om det.

Det som er litt underlig er at det er to Polen-logoar på drakta, både rikssymbolet til landet, ørna på midten, men også fotballforbundet sin logo på venstre bryst.

Draktnummeret kjem også til å dukke opp på den raude stripa på magen.

Hellas

Europamesterane frå 2004, konkursramma Hellas, stiller i år i Adidas. Forholdsvis enkel og stilig design.

Dei har med eit blått kryss, som har senter i forbundslogoen på venstre bryst.

Ellers er som vanleg eit litt finsk drag over den greske heimedrakta.

Tsjekkia

Tsjekkia spelar i drakter frå tyske Puma, og har skråstripa over brystet, som me har sett på mange Pumadrakter dei siste sesongane.

I tillegg har dei ei brei blå stripe ned frå venstre skulder, der forbundslogoen er.

Ellers er det Pumamerker på begge ermane, og alle fargane i trikoloren er representerte på drakta.

Russland

Også det fjerde og siste landet i gruppa har alle fargane i flagget sitt representert på drakta.

Russland spelar også i drakter frå Adidas, og har ei noko retro skråstripe over heile fronten. Minner litt om dei gamle bortedraktene til Crystal Palace, som vart kult-drakter for rundt 10 år sidan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s