Adeccoligaen 2012


Fotballstova tippar Adeccoligaen 2012:

1. Sarpsborg
Ikkje særleg svekka frå i fjor, sjølv om viktige Joachim Jørgensen er ute. Har kvalitetane til å sprette rett tilbake.

2. Kongsvinger
Har det som skal til for å rykke opp. Breidde, talent og kvalitet i alle ledd. Og kombinasjonen Tom Nordlie + kva Adeccolag som helst = opprykk.

3. Sandefjord
Solid stall. Nystuen er borte, men solide folk har kome til. Stallen er ikkje langt unna Tippeliganivå.

4. Ranheim
Solide og jamne i fjor, forsterkingane som har kome inn virkar også trygge. Vil nok vere ein heit opprykkskandidat. 

5. Bodø/Glimt
Virkar solide i alle ledd, spesielt bakover og framover. Midtbana er også spennande. Kan vere med å kjempe om opprykk.

6. Ham Kam
Mykje talent i stallen, og kanskje den yngste starellevaren i divisjonen. Kan ta eit steg til denne sesongen
7. Hødd
Mista Diomande, som kanskje var divisjonens beste i fjor. Kazeem er tilbake, og Helland ser ut til å vere ein god tilvekst på midten. Mykje ungt og lovande, med jordnær satsing og solid trenar. Divisjonens beste høgreback i Latifu? Kan fort vere med i toppen, om dei har marginane på si side. 

8. Start
God stall, men viktige brikkar er borte. Mykje kvalitet igjen i stallen, og mange unge spennande spelarar. Vert litt for mykje vekt på støttespelarane, og trur neppe det held til å rykke rett opp igjen.


9. Alta

Virkar solide offensivt, og har fått tilbake Sega Ngom, og Norbye. Erstås bør også halde nivået bra. Spennande nykomarar defensivt, spesielt Alexander Solberg frå Bossekop, som av lokale patriotar har vorte hausa i fleire sesongar, til tross for at han berre er 19. 

10. Bryne
Ser sterkare ut framover enn bakover. Stallen er stor, men nivået ser ikkje høgt nok ut, jamnt over. Vert nedre halvdel.

11. Mjøndalen
Ikkje veldig svekka frå i fjor, men må verte bedre borte. Berre 2 av 10 sigrar på bortebane i fjor. Spennande å sjå kva Kirkevold og Karlsen kan tilføre på midten. Trur det vert ein sesong på nedre halvdel.

12. Ull/Kisa
Den av nykomarane me har mest trua på. Flittie Onstad var med i fjor, og sterke namn som Kim Holmen, Pål Steffen Andresen og Arnold Origi har kome til før denne sesongen. Men saman med dei tre neste laga, er nok Ull/Kisa eit av laga som kjem til å kjempe rundt streken til siste serierunde.

13. Strømmen
Fått inn eit par forsterkingar, og er muligens bedre enn i fjor, sjølv utan Ibba. Men trur sesongen vert som draktfargen for dei grå.

14. Tromsdalen
Eit par unggutar har kome til frå Tromsø, medan Lysvoll har gått motsatt veg. Trur det vert tungt.

15. Notodden
Bedre framover enn bakover, på papiret. Eit par spennande namn, men går nok rett ned igjen.

16. Bærum
God keeper i Hjulstad, ellers ser det tynt ut. Trur det vert rask retur denne gangen også.

* Dei 7 øvste kan alle kjempe om opprykk, med litt flaks, medan dei to siste trur me kjem til å gå rett ned. Så vert det ein kamp mellom Ull/Kisa, Strømmen og Tromsdalen for å unngå dei to siste plassane. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s