Golden Shoe 2003 – kvar er dei no?


I World Soccer si februarutgave i 2003, var dei 24 beste målscorarane i Europa presentert. Mange av dei er velkjende namn, som me alle veit kvar hamna, mens noken av dei andre, spesielt frå mindre aust-europeiske ligaer, er meir ukjende namn.

Me gjer merksam på at både dei austeuropeiske og den norske og svenske serien her er ferdigspelt. I parentes heilt slutt ser du også målfaktoren frå dei «største» ligaene.

1. Andrei Krolov – Tallina VMK (Est) – 37 mål
Vann konkurransen denne sesongen, men det er fint lite informasjon om Krolov på nettet. Fødd i 1973, og var innom fleire klubbar i Estland, blant andre Sadam Tallin, som seinare vart Levadia, før han kom til VMK. La opp i 2006)


2. Arman Karamian – Pyunik (Arm) – 36 mål
Er i dag 32 år, og spelar for Apollon Limassol på Kypros. Var i fjor i Unirea i Romania, og året før der i Steaua. Har spelt nesten 50 landskampar for Armenia, men ikkje opplevd den store suksessen med tanke på spel i topplag. Har vore mange år i rumensk fotball, og før det i Ukraina.)


(Disse veit me korleis det har gått med)
3. Henke Larsson – Celtic (Sko) – 23 mål (x1,5 = 34,5)
4. Mateja Kezman – PSV (Ned) – 18 mål (x1,5 = 27)
5. Ailton – Werder Bremen (Tys) – 13 mål (x2 = 26)
. James Beattie – Southampton (Eng) – 13 mål (x2 = 26)
. Alan Shearer – Newcastle (Eng) – 13 mål (x2 = 26)
8. Harald Brattbakk – Rosenborg (Nor) – 17 mål (x1,5 = 25,5)


9. Maksim Gruznov – Trans Narva (Est) – 24 mål
(Er tilbake i drakt nummer 99 i Trans Narva etter ein sesong i Sillamäe Kalev. Er både tidenes toppscorar i Estlandsk toppdivisjon, Meistriliiga, og den med flest kampar. I si fyrste periode i klubben scora han 200 seriemål på 272 kampar, og returnerte i 2010. Merkelig nok ingen landskampar. Året før scora han 37 mål, og i 2005 og 2006 hadde han 30 og 31 mål i serien. Berre 6 på 13 kampar sist sesong.)

. Thierry Henry – Arsenal (Eng) – 12 mål (x2 = 24)
. Peter Ijeh – Malmö (Sve) – 24 mål


. Axel Lawaree – Bregenz (Aut) – 16 mål (x1,5 = 24)
(Vart i yngre år henta frå Standard Liege til Sevilla, men Bregenz var nok den klubben han hadde mest suksess i. Var innom Rapid Wien og Augsburg seinare, før han endte sin toppkarriere i Fortuna Düsseldorf, med 21 seriemål på 69 kampar.)

. Christian Vieri – Inter (Ita) – 12 mål (x2 = 24)


14. Tor Henning Hamre – Flora Tallinn (Est) – 23 mål
(62 mål på 50 seriekampar i Flora seier sitt. Vart henta frå Mandalskameratane, og returnerte til Norge og Vålerenga. Der vart det fire kampar og null mål. Men på andrelaget i andredivisjon scora han 32 mål på 16 kampar i 2004. Noko som kanskje antyder noko om nivået i Estland. Vart seinare spelarutviklar i Mandalskameratene.)


. Mihails Miholaps – Skonto Riga (Est) – 23 mål
(Opprinneleg frå Kaliningrad, men fekk 32 landskampar for Estland. Har spelt både i russisk og kazakhstansk fotball, men har stort sett holdt seg i Riga og Skonto. Siste registrerte jobb var trenar for Olimps i Riga i 2010.)

16. Tryggvi Gudmundsson – Stabæk (Nor) – 15 mål (x1,5 = 22,5)
. Rolan Gusev – CSKA Moskva (Rus) – 15 mål (x1,5 = 22,5)


. Dmitri Kirichenko – CSKA Moskva (Rus) – 15 mål (x1,5 = 22,5)
(Fekk tolv landskampar for Russland, men har spelt i russisk fotball heile karrieren. Er i dag i Rostov. Han har forøvrig rekorden for det raskaste scora målet i EM, etter to minutt, i kampen mot Hellas i 2004.)


. Milaim Rama – Thun (Swi) – 15 mål (x1,5 = 22,5)
(Albanskfødd sveitsar, som var ei runde innom Augsburg i Tyskland og Schaffhausen, men var frå 2006 tilbake i Thun, der han no har over 350 kampar og 100 scoringar.)

. Wesley Sonck – Genk (Bel) – 15 mål (x1,5 = 22,5)
. Maciej Zurawski – Wisla Krakow (Pol) – 15 mål (x1,5 = 22,5)
22. Thomas Christiansen – Bochum (Tys) – 11 mål (x2 = 22)
. Roy Makaay – Coruna (Spa) – 11 mål (x2 = 22)
. Shabani Nonda – Monaco (Fra) – 11 mål (x2 = 22)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s