Årets Tippeligadrakter


Dei har vore omtala, kasta terning på, elska og slakta allereie, men her er likevel Fotballstova si rangering av draktene. Og i motsetning til mange andre stader, så har me ikkje nokon av føtene i nokon av dei 16 leirane.

1. Brann

I Hummeldrakter for året. Stilreine, stilige, og samtidig ganske retro.

I samanligning med mange av dei andre, så får Brann kraftig pluss for å køyre berre kvitfarge på sponsorlogoane sine. Ein trend andre burde la seg inspirere av.

I fjor likte me den breie, kvite halsen til Branndraktene, som gav dei eit retropreg, og i dansk design ser dei i år endå bedre ut.

Stripene under armane gir det ei stilig 80tals-look, og minner litt om fjorårets Aston Villadrakter, og nokre gamle Danmarkdrakter. Om ikkje ein klar vinnar, så i alle fall soleklar i øvste leia.

2. Vålerenga
Enkel og stilrein, og stort pluss for lite reklame. Eit minus for dei fleste Tippeligadraktene er at dei er overdynga i sponsorlogar. 
Ellers har Adidas som alltid nokon av dei finaste og reinaste draktdesigna. 
Nordealogoen er enkel og fin, og passar fint slik den er. Her kunne dei fort gått for ei løysing med logoen øvst, og Nordeateksten under, men slik det er ordna her går dei fleste andre TL-logoane ein høg gong.
Telenorlogoen på ermet kunne med hell vore litt mindre kvit og firkanta, men alt i alt er denne drakta av dei aller finaste i årets serie. 

3. Sandnes Ulf

Nykomarane Sandnes Ulf er dei einaste som stiller i drakter frå Nike denne sesongen, og me likar drakta, sjølv om den kvite V-en på bryster med hell kunne vore fjerna.

Det er mykje kvitt på sponsorlogoane, og med unnak av litt grønt på brystkassa, så ser det bra ut. Den raude firkanten på venstre ermet inkludert.

Nike har ei heilt anna form på draktene sine enn mange andre produsentar, og denne drakta her ser kul ut.

Sjølv om me synes Ulfdrakta frå to sesongar tilbake (med pinstripe) var noko av det bedre norsk fotball har sett, så er denne eit par hakk under der. Men likevel, heilt i toppen.

4. Hønefoss

Hønefoss har ei drakt som år etter år vert slakta, mest på grunn av den dominerande logoen til Leiv Vidar, men også fordi i fjor hadde nokre forferdelige skråstriper, som minte om ein eller annan heidensk orden.

Men i år har det skjedd ting.

Fyrst og fremst har dei ei Legeadrakt som ser bra ut. Det er dei åleine om i Tippeligaen.

I tilegg har dei greid å endre den oransje firkanten rundt Leiv Vidar-logoen, og fått den litt meir integrert i bakgrunnen. Og når grønfargen til Leiv Vidar matchar grønfargen til klubben, då får me litt heilheit.

Minus for dei blå logoane på skulderblada, og den brune på venstre arm, men pluss for ei drakt som har ein stilig fasong, og som skil seg litt ut. Ein god nykomar.

5. Strømsgodset

Strømsgodset si drakt er den aller mest fargerike i heile Tippeligaen. Det er nesten umulig å få oversikt over alle dei forskjellige fargane som dukkar opp i dei forskjellige sponsorlogoane, men det er ingen tvil om at ingen andre drakter kjem i nærleiken.

Dette åleine burde vere grunn nok til å senke Godsetdrakta langt ned på dei fleste kåringar, men likevel så har den ein sjarme og ein balanse i fargane og logoane som ser bra ut.

Og Diadoradrakta med den breie kvite kragen ser mykje bedre ut enn drakta som…

6. Fredrikstad

Enkel og rein Adidas-design, men den skeive logoen frå Stabburet som drog ned i fjor, har ikkje endra seg mykje.

Litt meir sponsorlogoar enn det som er på dette bildet, oppe på skuldrene, men alt i alt ei OK drakt.

Fargane frå logoen passar fint med klubbfargane, og bortedrakta i lyseblått ser ikkje så aller verst ut den heller.

Bonus at det er lite fargar, og mykje rein kvitfarge. Adidasdraktene har eit litt meir internasjonalt snitt enn mange av dei andre.

7. Viking
Dette er fjorårsdrakta, men med unntak av at Subsea7 på skuldrene er bytta ut med MarathonOil, så er drakta den same. 
Same produsent som Godset, men litt anna krage. Litt for mykje bokstavar i sponsorlogoane, noko som aldri ser bra ut. 
Dessuten er Lyse-logoen ikkje symetrisk, og ser ikkje bra ut. 
Heile drakta ser meir ut som eit fyrsteutkast enn eit ferdig resultat. 

8. Molde

Greit at det er mykje blått og kvitt, litt synd med den gule Bunnprislogoen midt på der, men ellers er den ganske ok.

Litt kjedelig berre, men i alle fall utan disse breie stripene som dei andre Umbrodraktene i Tippeligaen må slite med.

Uansett så er det jo slik at drakta til ein seriemeister bør verte eit ikon i eit kvart land, men denne her forsvinn berre litt i mengda.

9. Rosenborg

Apropos ikon, så er kanskje den kvite og svarte Rosenborgdrakta det næraste me kjem dette i Norge, i alle fall på generell basis. (Ein kvar supportar vil nok hevde at deira klubb si drakt er eit ikon.)

Men i år har RBK gått for litt gulldekor på drakta, og ein klubb med ei slik historie som Rosenborg har, kan vel koste på seg litt gull. Som for så vidt ser ok ut rundt halsen, men, og det er eit stor men: Dei svarte sørgebinda på begge hendene. Kvar i all verda kjem dette frå? Kan ikkje huske å ha sett dette på nokon andre sine drakter.

Så er det også litt gull rundt desse svarte ringane, og det virkar også veldig malplassert.

Ellers er Rosenborg flinke til å bruke berre svart i sponsorlogoane, til og med i Telenorreklama. Legg merke til det, Vålerenga.

10. Stabæk
Har fått mykje slakt mange stader, men etter å ha sett drakta i kamp, synes me faktisk ikkje den er så gale. 
Greit nok, så er det ei nødløysning i siste øyeblikk, og den har ikkje stripene som den skulle hatt, og logoen til Bulk er nettopp det; ein stor kvit bulk midt på magen. Men den mørke blåfargen gir drakta ein viss stil, sjølv om det er Legea som har laga den. 
Men om ikkje anna så er logoen i ein farge, og er såpass langt ute at den gir heile drakta eit retropreg. Så får det heller vere med den gule M´en som ser litt malplassert ut. 
Kan sjå ut som om Stabæk slit med å skaffe nok sponsorar til å fylle drakta, noko som slår veldig bra ut, reint estetisk sett.

11. Lillestrøm

Lillestrøm har fått både skryt og kritikk for si veldedige reklame på årets drakter, men det hjelp lite på utsjånaden.

Sånn sett ville nok Elkjøp, som er hovudsponsor sett bedre ut.

Men lyseblått og grønt, i ein skeiv logo med litt tekst på, gir ikkje høge terningkast. Faktisk ser den bedre ut på den raude bortedrakta.

Når i tillegg Legea leverer ein av dei minst sjarmerande designa, så kan det ikkje verte bra.

Den virkar rar i forma, og dei svarte stripene som kjem inn nederst på drakta ser merkelege ut. I tillegg til det me ser på bilder her, kjem det også litt reklame på skuldrene.

12. Aalesund

Denne drakta burde eigentleg vore endå lenger nede på lista, sidan den har det same utgått-på-dato-designet, som Sogndal og Haugesund bruker.

I tillegg er dei kvite firkantane i logoane på skuldre og bryst unødvendige, og øydelegg mykje. Det hadde ikkje vore noko problem å skrive firmalogoen rett på det oransje.

Pluss for stor hovedsponsor utan tekst, og fargar som ikkje skjer for mykje med draktfargen.

Ellers er det faktum at Aalesund har ein draktfarge som ingen andre har, med på å lyfte dei opp på plassen over Odd Grenland.

13. Odd Grenland

I utgangspunktet burde ei Adidasdrakt vere mykje høgare opp på lista, men Odd-drakta er i år som i fjor relativt kjedelig. Kragen er gammaldags, og det er rart med dei to små blå logoane på kragen.

Sjølve Skageraklogoen på fronten er ikkje så galen, sjølv om den kunne vore litt mindre rund med tekst under, men det er fyrst og fremst kragen og dei blå firkantane på Varden-reklama som gjer drakta lite elegant.

Dropp kragen og skriv Varden med blå skrift på kvit bakgrunn, så har me ei drakt heilt i toppen.

14. Tromsø

Det er svært vanskeleg å gjere ei stripete drakt veltalande. Større lag enn Tromsø har prøvd i årevis, utan å lukkast (West Brom i fleire sesongar, årets Newcastledrakt, Juventus ca kvart tredje år, etc)

Når din trufaste hovudsponsor i tillegg har ein logo som er firkanta, og som, dersom du skulle fjerne firkanten, er same raud- og kvitfargen som resten av drakta, ja då har du ei nøtt som ikkje lar seg løyse.

Hadde ein strippa alle Tippeligadraktene for reklame, så hadde Tromsø vore topp-3. Men enn så lenge er det altså reklame, og ein hovudsponsor med ein logo som vanskelig lar seg kombinere.

15. Sogndal
Umbrodesignen var stygg i fjor, og då vert den ikkje finare av å velge den same igjen. 
Det einaste som skil Sogndal frå Haugesund på plassen under, er at det er ørlite mindre sjenerande fargar her. Men ikkje mykje. Egentlig burde det vore ein delt botnplass. 
Dei store raude flekkane på skuldrene er nok det verste, men i og med at dei matchar resten av det raude, så er det hakket bedre enn Haugesund.

16. Haugesund

Nesten umulig å skilje frå Sogndaldrakta, men den blå greia på brystkassa er meir øgli enn den som Sogndal har, så då vert det sisteplass.

Som med Sogndaldrakta, så vert disse Star Trek-stripene rundt armhulene veldig underlege, og rammar inn drakta på ein merkeleg måte.

Forhåpentlegvis kan Haugesund droppe den gamle Umbrodesignen til neste år, og kanskje endå bedre; gå over til en annen leverandør.

* Som alle andre kåringar, så er denne også veldig subjektiv, sjølv om me ikkje har noko favorittlag å favorisere her. Men me er åpne for debatt.

2 comments

  1. Når sant skal seiast, så kom LSK-drakta seg mykje når den fekk litt meir reklame på seg. Såg ikkje så bortkomen ut den einslege logoen

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s